Kobe Port Tower (japansk 神戸ポートタワー, Kōbe Pōto Tawā) er eit utsiktstårn i hamnebyen Kobe i Hyōgo prefektur i Japan. Det er 108 meter høgt og bygd i stålrøyr. Forma minner om ei lita japansk tromme, ein såkalla tsuzumi.[1]

Kobe Port Tower

ArkitektNikken Sekkei, Q65248663, Takeo Naka
Opna21. november 1963
Stilhigh-tech-arkitektur
Kart
Kobe Port Tower
34°40′57″N 135°11′12″E / 34.6825°N 135.18666666667°E / 34.6825; 135.18666666667

Tårnet har to delar; ein nedre del med tre etasjar og ein øvre utsiktsdel med fem etasjar.[2] Utsiktsplattforma i fjerde etasje ligg 75 meter over bakkenivå, og i sjette etasje er det ein roterande kafé som går ein heil runde på 20 minutt. Frå sjuande etasje kan ein sjå ut over Osakabukta med øya Awaji,[3] og frå åttande etasje kan ein sjå heilt til Kansai internasjonale lufthamn.

Utsiktstårnet blei renovert mellom 2009 og 2010 og utstyrt med LED-lys.

Kjelder endre

  1. «Kobe Port Tower» (på engelsk). Henta 25. juli 2021. 
  2. «神戸ポートタワー». 神戸ポートタワー. Henta 20. desember 2016. 
  3. «Kansai Towers» (på engelsk). Henta 25. juli 2021. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kobe Port Tower