43°05′N 41°45′E / 43.083°N 41.750°E / 43.083; 41.750

Kodoridalen
კოდორის ხეობა, Кәыдырҭа
dal
Land  Georgia
Kart
Kodoridalen
43°06′N 41°48′E / 43.1°N 41.8°E / 43.1; 41.8
Kart over Øvre Abkhasia med Kodoridalen.
Kart over Øvre Abkhasia med Kodoridalen.
Kart over Øvre Abkhasia med Kodoridalen.

Kodoridalen (òg kalla Kodorigjelet, georgisk კოდორის ხეობა) er ein elvedal i Abkhasia, den sjølvstyrte republikken i Georgia, og fungerer som ei grense mellom republikken og resten av Georgia. Dei øvre delane av dalen var lenge den einaste delen av Abkhasia som den sentrale georgiske regjeringa hadde kontroll over, og vart kalla Øvre Abkhazia (georgisk ზემო აფხაზეთი, Zemo Abkhazeti). I 2008 tok russisk-abkhasiske styrkar kontroll over dalen.[1]

Kodoridalen ligg i dei øvre områda av elva Kodori, nordaust i Abkhasia. Med ei høgd på mellom 1 300 og 3 984 meter dekkjer området over fleire typar landskap. Klima er nesten alpint og fuktig. I løpet av eit år kjem det normalt 1 600 til over 2 000 mm. Middeltemperaturen varierer frå om lag -3 °C i januar til 14 °C i juli.

Fleire landsbyar ligg oppover dalen, og dei største er Sjkhara, Omarisjara, Zemo Azjara, Kvemo Azjara og Lata.

Kjelder endre

  1. «Abkhazia says it controls most of Kodori Valley». Trend News. 12.08.08. Arkivert frå originalen 17. august 2008. 

Bakgrunnsstoff endre