Koevolusjon er gjensidig evolusjonær påverknad mellom to eller fleire ulike artar. Kvar part i eit slikt tilhøve utøver selektivt press på dei andre partane, og vert såleis ein drivkraft for tilpassingar og utvikling.

Kvefs som pollinerer ei plante. Planta er avhengig av pollinatorar for å kunne formeira seg, og mange pollinatorar er avhengige av nektaren dei ofte får i blomen.

Sjølve omgrepet ”koevolusjon” vart til i 1964Paul Erlich og Peter Raven publiserte ein banebrytande artikkel om gjensidig påverknad i utvikling av insekt og plantar. Døme på plante/insekt-koevolusjon er m.a. mutualismen mellom oksehornakasietreet og maurslekta Pseudomyrmex – mauren bur på planta og forsvarar ho aggressivt mot alle dyr som måtte finna det for godt å prøva å eta av ho. Til løn for dette forsyner akasien dei med næring i form av nektar og gule klumpar med feitt og protein.

Våpenkappløp endre

Evolusjonære våpenkappløp kan utvikla seg ut frå konkurranse- eller predasjonstilhøve. Døme på det første er tre i skogen, som har ein tendens til å veksa seg større over generasjonane: Store tre får mest lys, medan små tre vert ståande i skuggen og døy før dei får spreidd gena sine.

Døme på eit evolusjonært våpenkappløp som grunnar i predasjon er tilhøvet mellom geparden og antilopene han jaktar på: Begge partar har utvikla evnar til høg akselerasjon; geparden for å få nok mat og antilopa for å kunne overleva lengst mogleg.

Diffus koevolusjon endre

 
Stingsild (her nipigga stingsild Pungitius pungitius) har utvikla piggar på ryggen som ein forsvarsmekanisme mot større rovfisk. Sidan denne tilpassinga ikkje er eit forsvar mot ein spesifikk art, reknar me det som diffus koevolusjon

Når det er fleire enn to artar som verker inn på ein koevolusjonær prosess, kallar me det diffus koevolusjon. Dei fleste blomeplantar kan t.d. pollinerast av mange ulike slag insekt, sjølv om planten er tilpassa å bli pollinert av insekt og insekta er tilpassa å ta til seg næring frå blomar. Diffuse koevolusjonære mønster kan vera særs komplekse og stundom vanskelege å oppdaga

Kjelder endre

  • Dawkins, Richard: The Blind Watchmaker
  • Giske, Jarl & Jacobsen, Per: Evolusjon og økologi – en innføring
  • Engelsk wikipedia