Kohtla-Järve er ein by og kommune nordaust i Estland. Busetnaden vart grunnlagd i 1924, og fekk bystastus i 1946. Byen er særs industrialisert, og produserer forskjellige petroleumsprodukt og handsamar oljeskifer. Byen har eit etnisk mangfald, og inneheld folk frå nesten 40 forskjellige etniske grupper, og berre 21 % er estlendarar. Mange av dei etniske estlendarane i byen har russisk som morsmål, men frå seint på 1990-talet har stort sett estisk vore det mest brukte språket i kvardagen. Kohtla-Järve er den fjerde største byen i Estland.

Kohtla-Järve linn
Horisonten til Kohtla-Järve linn
Horisonten til Kohtla-Järve linn
Byvåpenet til Kohtla-Järve linn
Byvåpenet til Kohtla-Järve linn


Plassering
Kohtla-Järve is located in Estland
Styresmakter
Land  Estland
Maakond Ida-Viru maakond
Første gong nemnd i
Grunnlagd
Bystatus
1241
1924
1946
Geografi
Flatevidd
 - By

41,77 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

45 740
  1 095 /km²
Koordinatar 59°24′0″N 27°17′0″E / 59.40000°N 27.28333°E / 59.40000; 27.28333
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.kjlv.ee

Historie endre

Historia til Kohtla-Järve er tett knytt til historia om utvinninga av oljeskifer, det viktigaste mineralet i Estland.

Ein har funne spor etter busetnadar i området sidan mellomalderen, og i ei dansk landbok vart Järve og Kukruse nemnd i 1241 med namna Jeruius og Kukarus, og landsbyen Sompa i 1420 med namnet Soenpe.

Lokale innbyggjarar var klar over oljskiferen sine gode fyringseigenskapane i mange hundreår, men den industrielle utvinninga i Estland byrja først på 1900-talet. I 1916 viste forskarar at oljeskifer kan brukast til både drivstoff og som råmateriale for kjemisk industri, og gruvedrifta starta nær landsbyen Järve. I 1919 vart det danna eit statleg industriselskap for å vinne ut oljeskiferen, og ein byrja omfattande utvinning med både gruvedrift og dagbrot. Busetnadar for gruvearbeidarane vart oppretta i nærleiken av gruvene. I 1924 vart det bygd ein fabrikk for å handsame oljeskiferen nær Kohtla jarnbanestasjon, og den nærliggande busetnaden Kohtla-Järve byrja å vekse.

Under den andre verdskrigen voks deiestiske førekomstane av oljeskifer. Tyskarane, som okkuperte Estland, såg på det som ei viktig drivstoffkjelde. Dei kom derimot aldri i gang med stortstilt utvinning.

Etter krigen kravde industriar nordvest i Sovjetunionen oljeskifer i stadig større mengder, og utvinninga auka stort. Kohtla-Järve fekk bystatus 15. juni 1946. I løpet av dei neste 20 åra vart Kohtla-Järve det administrative senteret for fleire landsbyar i området, og etter kvart som Kohtla-Järve vart utvida, vart han ein by med unik planløysing, der delar av byen var spreidd i skogen, med jordbruksområde og oljeskifergruver innimellom. Det totale folketalet auka stort fordi arbeidarar vart sende hit frå forskjellige stader i Sovjetunionen, og i 1980 budde det 90 000 innbyggjarar i byen.

I 1991 minka talet på bydistrikta, og Jõhvi, Kiviõli og Püssi vart eigne landsbyar. Utvinninga og handsaminga av oljeskifer minka dramatisk i 1990-åra, og mange av innbyggjarane i Kohtla-Järve flytta til Tallinn eller Russland på grunn av høg arbeidsløyse i Ida-Viru fylke.

Kjelde endre