Koinsidens i fysikk

fysikk

Koinsidens er i fysikken noko som skjer samstundes, tids-koinsidens. Nemninga vert særleg nytta innan partikkelfysikk og kjernefysikk, der ein har interesse av å vite om fleire partiklar vert danna samstundes eller passerer ein stad samstundes, og derfor må reknast å vere ei følgje av same primære hending. For å måle koinsidens blir det nytta fleire teljarar som sender ut korte pulsar. Pulsane blir ført til same elektroniske krets, som berre sender signal vidare når det kjem inn signal frå to eller fleire på førehand valde teljarar samstundes. Ved å gjere signala frå teljarane korte kan ein i mange tilfelle praktisk talt utelukke høvet for at dette skuldast slump, og i alle tilfelle kan ein rekne ut kor mange tilfeldige koinsidensar ein skulle forvente innan eit visst tidsrom. Ein kan forseinke den eine pulsen og på den måten avgjere den verkelege tidsskilnaden mellom to pulsar som viser forseinka koinsidens. Ein kan òg konstruere kretsen slik at signalet berre blir sendt vidare når bestemde teljarar produserer signal og andre ikkje gjer det til same tid. Dette blir kalla antikoinsidens.

Kjelder endre