Kokk (om kvinner òg kokke) er ein person som har til yrke, eller som har som fagutdanning, å lage mat.

To kokkar i arbeid i eit restaurantkjøkken i Paris 2005

Kokkar kan lage alt frå hurtigmat til gourmetmat på serveringsstader eller restaurantar. Ein institusjonskokk arbeider i institusjonskjøkken, til dømes innan helse- og sosialsektoren, skolevesenet, fengselsvesenet, forsvaret m.v.

Kokkeutdanning endre

I Noreg utdannar ein seg til kokk ved å gå Vg1 «Restaurant- og matfag» og sidan Vg2 «Kokk- og servitørfag». Vg1 (Vidaregående kurs I) kokkfag omfattar emne som menylære, råstofflære, hygiene, spesial-kostlære, sal, service og språk. For å oppnå fagbrev eller sveinebrev, må ein avleggje forskriftsmessig prøve i faget.

Namn endre

Etternamn som Cook (engelsk) og Koch (tysk) er avleidde frå kokkeyrket.

Kjelder endre