Kolera

infeksjonssjukdom

Kolera er ein infeksjonssjukdom årsaka av bakterien Vibrio cholerae. Sjukdomen rammar mage- og tarmsystemet, fører til diaré og dehydrering (utturking). Utan behandling har sjukdommen ein letalitet på rundt 50 %. Medisinsk behandling av kolera består først og fremst i rehydrering (væskebehandling) for å kompensere for væsketapet.

Kolera

Kolerasjuk
Medisinsk namnCholera asiatica
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:001.9
ICD-10-kode:A00
DiseasesDB2546
eMedicinemed/351
MeSHD002771
Verdskart som viser utbreiinga av kolera

Historie endre

Kolera har vore endemisk i søraust-Asia, særleg i området rundt Ganges-deltaet, så langt attende det finst historiske nedteikningar. Det var ein frykta sjukdom som slo ut i regelmessige epidemiar med høg mortalitet. I Kolkata finn ein koleratempelet Ola Beebe som blei reist som vern mot sjukdommen.

I 1817 byrja den første kolerapandemien då sjukdommen spreidde seg frå det indiske subkontinentet langsmed handelsrutene så langt som til det sørlege Russland. Den andre pandemien starta i 1826 og kom til dei europeiske storbyane tidleg på 1830-talet. Fram til 1925 kom det ytterlegare tre pandemiar, Afrika, Europa, Australia og heile Amerika blei råka. Kvifor pandemiane starta og stogga er ukjend. Sjukdommen slo ikkje rot på nokon av dei nye stadene, men var endemisk berre i Ganges-deltaet.

Den sjuande kolera-pandemien endre

Den sjuande kolera-pandemien starta i Indonesia i 1960, kom til India i 1964, Afrika og sør-Europa i 1970 og sør-Amerika i 1991. Denne gongen har sjukdommen blitt endemisk i fleire av plassane han kom til, særleg i Afrika og det sørlege Asia.

Smittemåte endre

 
V. cholerae er årsak til kolera.

På midten av 1800-talet meinte ein framleis at miasmar, som ein trudde smitta gjennom lufta, også var kjelda for kolera. Den engelske legen John Snow gjorde ei epidemiologisk studie under den store koleraepidemien i London i 1854 og viste eit samband mellom ureina drikkevatn og kolera. Ein visste då ikkje om bakteriar. V. cholerae blei ikkje påvist før 1884 i Kolkata, under den femte pandemien.

Koleraepidemiar endre

  • 1853. 10 000 menneske døydde i eit utbrot i London.
  • 27. september 2004. Tsjad. Styresmaktene rapporterte om 3910 sjukdomstilfelle og 164 dødsfall mellom 14. juni og 19. september. Utbrotet starta i Massaguet (Hadjar Lamine) nord for hovudstaden N'Djaména.
  • November 2004. Senegal. Totalt 861 sjukdomstilfelle og 6 dødsfall i Dakar.
  • Desember 2004. Nigeria. Federal Ministry of Health i Nigeria rapporterte om 1616 sjukdomstilfelle og 126 dødsfall. Delstaten Kano rapporterte 1316 tilfelle og 76 dødsfall mellom 15. oktober og 23. november 2004, mens delstaten Edo rapporterte 300 tilfelle og 50 dødsfall mellom 16. september og 18. november 2004.
  • Desember 2008. Zimbabwe, der over 1500 menneske skal ha mista livet.

Norge endre

  • "I 1832 ble Norge første gang rammet av epidemien, og i 1833 kom sykdommen fra Drammen til Christiania hvor den rammet de fattige forstedene Enerhaugen, Lakkegata og Pipervika [nåtidas Vika og Aker Brygge] "hardt''", skreiv Dagsavisen.[1]
  • 1853. Den verste koleraepidemien i Noreg. På få månader døydde 2 500 menneske. Oslo var hardast ramma med 1 597 dødsfall.

Kjelder endre

  • David A Sack et al. Cholera. Lancet 2004;363: 223-233.

Bakgrunnsstoff endre

  1. https://www.dagsavisen.no/oslo/kolera-i-christianias-tid-1.1109684