Koljutsjinskajabukta

Koljutsjinskajabukta (russisk Колючинская губа) er ei bukt i Tsjuktsjihavet på nordsida av Tsjukotkahalvøya i Russland. Ho har ei lengd på 100 km og er berre 2,8 km brei ved munningen på grunn av landtunga Beljaka, som ligg rundt Koljutsjinskajabukta og isolerer ho frå Tsjuktsjihavet. Breidda aukar til 37 km sørover og innover i landet. Djupet i bukta er på 7 til 14 meter. Koljutsjinskajabukta er dekt av is store delar av året.

I 1793 vart bukta kalla Grev Bezborodko-bukta til ære for den russiske statsmannen Aleksander Bezborodko. Dei lokale innbyggjarane tok ikkje til seg dette namnet og ho vart seinare kalla Koljutsjinskajabukta etter øya Koljutsjin.

Sjå òg endre

Serykh Gusej-øyane

Kjelder endre

66°50′00″N 174°24′00″W / 66.83333°N 174.4°W / 66.83333; -174.4