Kollbotnet er ein fjordarm av Sørfjorden i Bindal kommune i Nordland og Nærøysund kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 7,5 km sørover til garden Kolla, som fjorden er kalla opp etter og garden Botnet inst i fjorden. Berre den inste delen av fjorden, vest for Kolla, ligg i Nord-Trøndelag.

Fjorden har innløp mellom Årsandsøya i vest og Kvitnesodden i aust. Denne ytste delen av fjorden heiter Kollstraumen og Riksveg 801 kryssar dette sundet på Kollstraumen bru[1]. Like over på vestsida møter han Fylkesveg 17 som går langs heile vestsida av fjorden.

Bakgrunnsstoff endre

  1. Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner, sjå eign bolk om Kollstraumen bru. (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 11. november 2007, henta 12. mars 2008 

65°0′27.576″N 12°11′43.840″E / 65.00766000°N 12.19551111°E / 65.00766000; 12.19551111