Kollektivtransport

Kollektivtransport (også kalla kollektivtrafikk, offentleg transport eller offentleg kommunikasjon) er eit fellesnamn på transportsystem der dei reisande ikkje nyttar eigne transportmiddel, men transportmiddel som står til disposisjon for allmenta. Ein litt snevrare definisjon er at dei skal gå i fast rute for transport av fleire personar.

Trikk
Ferje
T-bane
Fly

Døme på kollektivtransportmiddel er:

Desse finst i fleire variantar og storleikar, til både lokalreiser og fjernreiser. I daglegtalen omfattar kollektivtransport først og fremst buss og bane i lokal rutetrafikk. Mykje av kollektivtransporten er delfinansiert av offentlege tilskot i tillegg til billettinntektene. Tilbodet av kollektivtransport (kollektivtilbodet) blir normalt regulert av styresmaktene, og tradisjonelt har også mange av trafikkselskapa vert statlege, fylkeskommunale eller kommunale føretak.