Komfyr er ein omn brukt til matlaging, hovudsakleg på kjøkken. Komfyrar har gjerne platetopp og steikeomn. Opphavleg brukte ein vedkomfyr til å laga mat på, men i moderne tid har ein også teke i bruk kol, brennbar gass og elektrisk straum til å varma mat. I Noreg er elektrisk komfyr vanlegast.

Tidleg elektrisk komfyr.

Komfyrar kan koma som frittståande møblar med platetopp oppå og steikeomn nede, eller desse kan koma separat slik at dei kan installerast kvar for seg. I ein vedomn kan ein nytta varmen frå steikeomnen til plater eller ringhòl oppå, men i moderne komfyrar treng ein ikkje dette.

Ordet «komfyr» kjem via nederlandsk frå gammalfransk chauffoir, 'varmestove'.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Komfyr
  Denne matartikkelen som har med teknologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.