komitativ er eit kasus som blir brukt til å merke visse adverbiale setningsledd. Grunntydinga til komitativ er med. Komitativ finst i finsk, i andre austersjøfinske språk, og i samiske språk. Språkhistorisk sett er komitativ eit ganske nytt kasus i alle desse språka, det er eigentleg ein grammatikalisert postposisjon kanssa «med». Eit døme frå finsk er Tässä on Porvoo vanhine taloineen «Her er Borgå med sine gamle hus» (vanha talo «gammalt hus»).

I samiske språk blir komitativ også brukt for å uttrykkje instrumentet, som instumentalis i ein del andre språk, t.d. nordsamisk Eksámenvástádusa galgá čállit čáhppes tuššapeannain dahje dábálaš čáhppes peannain «Eksamenssvaret skal bli skrive med svart tusjpenn eller vanleg svart penn» (peanna «penn»).