Kompensasjon i fysikk

Kompensasjon er i fysikk at ei forandring av ein målbar storleik blir oppheva ved eit anna verkemiddel enn det som skapte forandringa. Kompensasjonen kan vere automatisk, til dømes ved temperaturkontroll med termostatar som koplar inn eit varmeelement når ein får for sterk avkjøling, eller i ur der ein ved kompensasjonspendlar opphevar verknaden av temperaturforandringar. Mange målemetoder beror òg på kompensasjon. Den forandringa som skal målast, blir kompensert av ein innstillbar like stor og motsett forandring, og storleiken av denne kan målast nøyaktig.

Kjelder endre