Kompleks effekt er produktet av straum og spenning i vekselstraumsfrinsar. Komplekse effekt har eininga Volt-Ampere (VA).

Den komplekse effekten (VA) er vektorsummen av aktiv effekt (P) og reaktiv effekt (W).

I vekselstraumskrinsar er ikkje straum og spenning alltid i fase, men er tidsforskyva i høve til einannan. I frekvensplanet ver dette uttrykt som ei faseforskyving, med ein vinkel φ. Den komplekse effekten kan uttrykkast[1]

,

der P er effektivverdien til den aktiv effekten og Q er effektivverdien til den reaktive effekten. Talverdien til S, dvs. , vert kalla tilsynelatande effekt.

Når spenninga har effektivverdie straumen har effektivverdie og ein vel spenninga som referanse vil straumen ha ei fasevilkel i høve til spenninga. Ein kan da uttrykka den aktive effekten som

,

der Re står for realverien og φ er effektfaktoren. Den aktive effekten har eininga watt. Den reaktive effekten kan uttrykkast

,

der Im står for imaginærverdien. Den reaktiv effekt vart oppgjeven i var, som er ei avstutting av volt-ampere reaktiv.

Tap på grunn av reaktiv effekt endre

Den aktive effekten er reell effekt som kan utnyttast til å driva motorar, lamper og så bortetter. Den reaktive effekten er effekt som vert mellomlagra i reaktive komponentar (induktansar og kapasitansar) i krinsen. Den reaktive effekten er med andre ord effekt som går fram og attende i krinsen, men som ikkje vert nytta til å utføra arbeid. På grunn av at leiarane har motstand fører den reaktive effekten til tap, kalla «Ohmske tap». Når straum og spenning er i fase vert den reaktive effekten lik null ( ) og ein unngår tap på grunn av reaktiv effekt. Ein nyttar difor ulike former for fasekomensasjon for å redusera fasevinkelen. Dei fleste store elektrisk motorar er induksjonsmotorar, som har ein induktiv (positiv) effektfaktor på 0.85 or 0.90. Synkronmotorar derimot har kapasitiv (nagativ) effektfaktor og vert av og til nytta som fasekompensatorar.

Kjelder endre

  1. Hayt, W.H. og Kemmerly, J.E., Engineering circuit analysis, 5. utg., McGrew-Hill, 1993.