Komponisten John Bull

engelsk komponist og orgelbyggjar

John Bull (fødd kring 1562 eller 1563, død 15. mars 1628) var ein engelsk komponist, musikar og orgelbyggjar. Han var ein kjend musikar frå virginal-skulen, eit cembalo-liknande instrument.

John Bull

Føddca. 1562
FødestadOld Radnor i Radnorshire i England
Død12. mars 1628
DødsstadAntwerpen i Belgia
OpphavKongeriket England
SjangerRenessansemusikk, barokkmusikk
InstrumentOrgel, cembalo
Verka somOrganist, komponist, orgelbyggjar

John Bull reiste mykje og vart kjend med musikkstilar frå mange europeiske land, særskild Nederland. I ung alder vart bull korsongar og kring 20 år gammal vart han organist ved Herefordkatedralen. I 1574 vart han kormeister ved katedralen og same året fekk han ei liknande stilling ved det kongelege kapellet til Kong Karl I i London.

Bull tok utdanning som doktor i musikk ved både Cambridge og Oxford University (1589 og 1592). Frå 1597 vart han offentleg opplesar ved Gresham College i London, men kom på skeiv fot med leiinga og då han gifta seg i 1607 måtte han gå av. Han heldt derimot fram som organist ved det kongelege kapellet.

I 1613 vart Bull skulda for utruskap og flykta til Nederland. Mange av manuskripta til Bull gjekk tapt under flukta frå England, men 120 kanonar, om lag eit dusin hymner og mange av klavermusikkstykka hans har overlevd.

I 1614 førte diplomatisk press frå England til at han vart sagt opp av erkehertug Albert som organist i Brussel, og i 1617 flytta han til Antwerpen der han vart organist i katedralen der. Her var han fram til han døydde.

Bull av ein av komponistane i gullalderen til engelsk kor- og klavermusikk i lag med William Byrd og Thomas Tallis. Bull nytta ofte ein struktur med frie stemmer som markerer overgangsperioden frå renessansen til tidleg barokk, men kyrkjemusikken hans syner ein liknande kontrapunktisk kompleksitet som J. S. Bach seinare synte. Dei intrikate kyrkjesongane hans og heksakord-komposisjonane for orgel syner òg han var påverka av den kontinentale musikkstilen. Virignal-musikken hans har meir engelsk karakter, og er meir figural og drøymande. Med Bull vart den enkle melodiske stilen frå populære songar og folkesongar utgangspunkt for omstendelege klaverstykke.

Kjelder endre