Konglebit

art av sporvefuglar
Konglebit
Konglebithann
Konglebithann
Konglebithoe
Konglebithoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av Konglebit
Utbreiinga av Konglebit
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Underfamilie: Carduelinae
Slekt: Pinicola
Art: Konglebit P. enucleator
Vitskapleg namn
Pinicola enucleator

Konglebit (Pinicola enucleator) er ein stand- og streiffugl, som i likskap med krossnebbane varierer mykje i farge etter alder og kjønn.

Utbreiing endre

Konglebiten har ei sirkumpolar utbreiing i dei nordlege delane av den nordlege tempererte sonen og lever i furuskogar i Alaska, fjellområda i det vestre USA, i Canada, og i dei subarktiske delane av Fennoskandia og Sibir. Han dreg ikkje langt sørover om vinteren, men i visse sokalla invasjonsår dreg han lengre og førekjem då i det tempererte Eurasia.

Førekomst i Noreg endre

Fuglen hekkar til dels vanleg i skogkledde delar av Finnmark, først og fremst i aust. Lengre sørover finst arten sporadisk eller sjeldan, men i Hedmark og Oppland er der ein hekkebestand knytt til glissen barskog med tett og frodig undervegetasjon av einer i høgder kring 800-950 m.o.h. Konglebiten er sjeldsynt i Finnmark om vinteren. Han kjem attende seint i mars. I delar av Sør-Noreg er fuglen å sjå i varierande tal kvar vinter i perioden oktober-mars. I invasjonsåra kan fuglen sjåast talrik over mykje av Sør-Noreg. Største invasjonsåret siste femti åra var i 1976-1977.

Utsjånad endre

Hannen er mørkt rosaraud på oversida, med flekkar av grått og svart. Iblant er hannen gul eller gulraud. Hoa si fargeteikning er for det meste grågul. Begge kjønna har svartaktige vengar, der dei ytste delen av svingfjørene er svartkvite. Den gråsvarte stjerten er kløyvd i spissen. Totallengda på fuglen er 22 cm.

Økologi endre

 
Konglebitegg

Konglebiten si føde er sett saman av frø og alle slags bær (spesielt bær frå einer og rogn). Reiret, som vert bygd av fine kvistar og fora med strå, finst oftast i tette barskogar og inneheld 3-4 egg. Desse er lysegrøne med grå og svarte flekkar. Konglebiten er lite sky, til liks med andre fugle- og dyreslag som lever i tynt folkesette område.

Kjelder endre

  1. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av konglebit Pinicola enucleator for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 2. februar 2022
  • Svensk Wikipedia.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.

Bakgrunnsstoff endre