Kongsberg Defence & Aerospace

Kongsberg Defence & Aerospace (KDA) er eit teknologiføretak i Kongsberg Gruppen (sic) (KOG) som produserer utstyr for militær bruk og romfart. Dei mest kjende produkta er raketten Pingvin. Føretaket stammar fra Norsk Forsvarsteknologi (NFT) og før det igjen frå Kongsberg Våpenfabrikk (KV).

Kongsberg Defence & Aerospace
Org.formAksjeselskap
Org.nr.978614582
BransjeLuft- og romfartsindustri, forsvarsindustri
Skipa28. mai 1997
MorselskapKongsberg Gruppen
DotterselskapKongsberg Satellite Services[1]
HovudkontorKongsberg kommune
LandNoreg
ProduktJoint Strike Missile, Norsk Sjømålmissil, Pingvin, NORTaC-C2IS, Protector RWS, NASAMS
Nettstadhttps://www.kongsberg.com/kda (engelsk)

KDA har 1480 tilsette i inn- og utland og samarbeider mellom anna med det europeiske luftfarts- og forsvarskonsernet EADS og Raytheon og Lockheed Martin i USA.

Produkt endre

  • Integrated Director Group (IDG) – radarsystem for målbelysning
  • Pingvin/Penguin – passivt varmesøkande antiskipsrakett
  • Naval Strike Missile (NSM) – antiskipsrakett med passiv varmesøkar
  • Trenarar og simulatorar for mange uliek system
  • Mekanikk og optomekanikk for romfartøy
  • EriTac – taktisk kommunikasjon
  • Multi-Role Radio (MRR) – feltradioar
  • ComBatt – eit system for slagmarkasadministrasjon
  • Krypteringsutstyr
  • NORTaC-C2IS – kommando- og kontrollsystem for taktiske operasjonar i Hæren
  • Komposittmaterialar
  • MSI-90 ubåtsystem – kommando og våpenstyring for ubåtar
  • MSI 2005F – system for antiubåtkrigføring; til bruk på m.a. fregattar
  • Senit 2000 – kommandosystem for Hauk-klasse MTBar
  • MICOS – minejakt og minesveiping
  • Kongsberg Mission Planning System (KAMP) – taktisk system for marineoperasjonar
  • Minesniper – Fjernstyrt mineødeleggar
  • Protector RWS – fjernstyrt bevegeleg tårn for kampkjøretøy
  • SL-AMRAAM - bakkeavfyrt AIM-120 luftver, både som separat system i NASAMS og integrert med HAWK
  • GBADOC – bakkebasert luftromskontrollsystem
  • Programvare for E3A AWACS

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kongsberg Defence & Aerospace
  1. https://www.ksat.no/about-us/.