Kongur Tagh er eit 7 546 meter over havet høgt fjell i fjellkjeda Kongur Shan i Xinjiang-provinsen i Folkerepublikken Kina. Fjelltoppen er den høgste i Pamir-fjella, eit vidsveimt høgfjellsområde mellom Tadjikistan, Afghanistan, Pakistan og Kina.

Kongur Tagh sett frå sør

Kongur Tagh ligg avsides og skjult bak høge, kringliggjande fjell, og var ikkje kjend for utomverda før i 1900. Det fyrste forsøket på å klive fjellet vart gjort i 1956. Fyrst i 1981 vart fjelltoppen nådd, då eit klatrarlag beståande av britane Chris Bonington, Al Rouse, Peter Boardman og Joe Tasker tok seg opp.

Kjelder endre