Konrad Witz var ein sørtysk kunstmålar som var aktiv i første halvdelen av 1400-talet. Truleg var han fødd i Rottweil krig 1400/1410, og døydde i Basel i 1445 eller -46. Saman med Hans Hirtz er han den viktigaste representanten for målarkunst i seingotisk eller nederlandsk Ars Nova-stil. Han er særleg kjend for tre altartavler han måla i 1430- og 40-åra.

Konrad Witz

Statsborgarskap Det tysk-romerske riket, Tyskland, Prince-Bishopric of Basel
Fødd 1400
Rottweil
Død

1446, 1445 (45 år)
Basel

Yrke kunstmålar
Sjanger altartavle, religiøst maleri
Konrad Witz på Commons
Heilige Christophorus, ca. 1435
Helgenane Magdalena og Katarina, 1440
Det vidunderlege kastet, 1444

Liv endre

Først i 1897 oppdaga forskarar ei underskrift av Konrad Witz i ei opphavleg ramme til eit altar i Genève. Teksta på ramma fortalde at dette «arbeidet måla meister Konrad Witz i Basel i 1444».

Den eldste kjelda som nemner Witz, er funnen i Basel, der han 21. juni 1434 som Conrad frå Rottweil vart medlem av det lokale handverkarlauget. Året etter fekk han borgarskap i Basel. Han var også medlem av Lukasgildet, eit laug for målarar i Nederlanda.

Ein kjenner verk berre frå dei siste tolv åra av livet hans. Siste arbeidet skal vere frå 1444, og kona Ursuline var enke i 1447.

Verk endre

Altaret i Genève, med sine fire panel, er det einaste signerte arbeidet. Ein veit ikkje kvar han fekk si utdanning. Kunsthistorikarar har meint han i sine vandreår har reist gjennom Bourgogne og Nederlanda. Kunsthistorikaren Florens Deuchler meiner å ha påvist at han var ein tur til Italia, der han var innom Ferrara og Firenze. Der burde han ha kome i kontakt med kunsten til dei tidlege, italienske renessansemålarane. Slik kan han vore ein sentral kontaktmann mellom kunsten sør og nord for Alpane. Basel var i dei åra Witz budde der, eit senter for internasjonal utveksling. Han kunne såleis kome i kontakt med rike mesenar og framståande kunstnarar.

Witz var frimodig i arbeidet med å omforme den tredimensjonale røyndomen på ein sannferdig måte til eit todimensjonalt bilete. Trass i at nærperspektivet ikkje er matematisk korrekt, finst det ei påfallande djupne i beletet. I biletet Det vidunderlege kastet (Das Wunderbare Fischzug) har Witz flytta landskapet ved Genesaretsjøen til sitt heimlege miljø. Nøayktig har har han gjengitt landskapet ved Genfersjøen med Mole og Petit Salève i bakgrunnen. Det er den første identifiserbare topografiske vising i eit europeisk landskapsmåleri. Karakterisk for Witz er hans realistiske framstillingar av alle material, særleg glans av metall og til dømes av ein riddar i rustning og av smykke.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre