Konrad av Konstanz

tysk prest

Konrad av Konstanz (tysk Konrad von Konstanz; latin Conradus, Curtius; fødd kring 900, d. 26. november 975 ) var ein tysk biskop og helgen.

Konrad av Konstanz

Fødd900
FødestadWeingarten
Daud26. november 975
DødsstadKonstanz
Yrkekatolsk prest, katolsk biskop
Helgendag26. november

Liv endre

Konrad var medlem av den mektige Welf-familien, son av grev Heinrich av Altdorf. Etter utdanning ved katedralskulen i Konstanz blei han provost ved domkyrkja i byen. I 934 blei han utnemnd til biskop.

Han klarte unngå å bli innvikla i politikken i samtida, og sparte energien sin til biskopoppgåva. Han stod likevel nær keisar Otto I, som han følgde med til Italia i 962. Conrad drog på tre pilegrimsreiser til Jerusalem og fleire til Roma. Han grunnla ei rekkje kyrkjer på biskopeigedommane og sjukehuset i Kreuzlingen, med namn etter ein del av den sanne krossen som Konrad hadde teke med frå Jerusalem og presentert til det.

Venerasjon endre

Han blir minna som eit døme på mot på grunn av innsatsen til biskop Ulrich I av Dillingen, som var biskop av Konstance 1111-1127). Konrad sin Vita blei skriven kring 1120 av Udalschalk, ein munk ved St. Ulrich og St. Afra-klosteret i Augsburg, som han seinare blei abbed ved (1124 eller 1127 til ca. 1150 eller 1151). Konrad blei kanonisert ved Det fyrste laterankonsilet i 1123.

Ikonografi endre

Heilage Konrad blir av og til framstilt som ein biskop som held ein altarkalk med ein edderkopp i eller over seg. Dette viser til ei historie om at ein gong medan han heldt messe fall ein edderkopp i kalken. På denne tida trudde ein at edderkoppar var dødeleg giftige, men Konrad drakk likevel Kristi blod, som vinen var blitt til, med edderkoppen i seg, som eit teikn på tru.

Sjå edderkoppar i kulturen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre