I kjemi er konsentrasjon eit mål for mengda av eit stoff i eit gitt volum av ei løysning eller blanding.[1] Ofte vert c brukt som symbol for konsentrasjon. Særleg i likevektskonstantar vert òg [A] brukt for konsentrasjonen av stoffet A.

I løysningar er ein gjerne interessert i konsentrasjonen av løyst stoff. Jo meir stoff som er løyst jo meir konsentrert er løysninga. Når konsentrasjonen er liten snakkar ein ofte om tynne eller fortynna løysningar. Det er særleg vanleg å snakka om fortynna syrer og basar. Det er ei grense for kor mykje av eit stoff som kan løysast i eit bestemt løysemiddel. Når denne konsentrasjonen er nådd er løysninga metta. Held ein fram med å setja til meir stoff, vil det ikkje løysast meir stoff. Minskar mengda av løysemiddel (for eksempel ved fordamping) vil stoffet fellast ut. Å oppgje konsentrasjon er ein måte å skildra samansetjinga av ei løysning eller blanding.

Einingar for konsentrasjon endre

Konsentrasjon kan gjevast i ulike einingar, til dømes:

Andre måtar å oppgjev samansetjinga til ei blanding endre

Samansetjing kan gjevast i andre einingar, til dømes:

  • molal (m), det same som mol per kilogram løysemiddel
  • masseprosent som er kor mange prosent av den totale massen som kjem frå eit gjeve stoff.
  • ppm (parts per million)
  • ppb (parts per billion) (amerikansk billion, det vil seia milliarddel)

Merk at nemningane ppm eller ppb ikkje oppgjev kva slags delar ein viser til, masse, volum, mol eller partikeltal.

Sammansetjing kan òg gjevast i molbrøkar. Da vert x ofte brukt som symbol. Talet på mol av stoffet vert da delt på det så mange mol stoff det totalt er i løysninga eller blandinga.

Kjelder endre

  1. IUPAC. Compendium of Chemical Terminology, 2nd ed. (the "Gold Book"). Compiled by A. D. McNaught and A. Wilkinson. Blackwell Scientific Publications, Oxford (1997). Online version (2019-) created by S. J. Chalk. ISBN 0-9678550-9-8. https://doi.org/10.1351/goldbook

Sjå òg endre