Konsentrasjonsleir

Ein konsentrasjonsleir er ein sterkt vakta leir for oppbevaring av politiske motstandarar av eit regime eller ei okkupasjonsmakt, og/eller (delar av) sivilbefolkningar som blir sedde på som farlege, fiendtlege eller uønskte. Ein slik leir kan vere alt frå ein interneringsleir der folk slepp ut etter at ein konflikt er over, via ein tvangsarbeidsleir til ein dødsleir der sjølve poenget er å utrydde flest mogleg menneske. Skiljet mellom desse typane leirar er viktig, men det er ikkje vasstette skott mellom dei, då tilhøva i interneringsleirar og tvangsarbeidsleirar kan vere så dårlege og brutale at mange døyr, og eit nazistisk leirkompleks som Auschwitz bestod av både arbeids- og utryddingsleirar samtidig.

Leir for boerkvinner og barn, om lag 1900.

Ordet blir først og fremst bruka om dei særleg grufulle fangeleirane som blei oppretta av det nazistiske regimet i Tyskland frå 1933 til 1945, og i tyskokkuperte land under andre verdskrigen. Den mest kjende av desse er Auschwitz i Polen, der mellom 1 og 1,5 millionar menneske blei drepne på berre tre og eit halvt år. Mykje av folkemordet på europeiske jødar og sigøynarar (Holocaust) skjedde i desse konsentrasjonsleirane. Nazistane var likevel ikkje dei einaste som oppretta konsentrasjonsleirar.

Ordet konsentrasjonsleir endre

Omgrepet konsentrasjonsleir («concentration camp») ser ut til først å ha vore nytta i engelsk til å visa til «reconcentrados», leirar som vart etablerte av det spanske militæret i Cuba under tiårskrigen (1868–78) samt under den andre kubanske frigjeringskrigen (1895–98). Det vart òg nytta om liknande leirar som USA oppretta under den filippinsk-amerikanske krigen (1899–1902).[1]

Ordet blei så teke i vidare bruk under boarkrigen (1899–1902), der britane dreiv slike leirar i Sør-Afrika for å internera boarar.[1][2] Dei bygde 45 teltleirar for dei internerte boarane og 64 for svarte afrikanarar. Av i alt 28.000 mannlege boarane britane tok til krigsfangar blei 25.630 deporterte, så dei aller fleste av boarane som vart attende var kvinner og born.[3] Over 26.000 av desse døydde i leirane.[3][4]

Seinare har m.a. den polske historikaren Władysław Konopczyński nytta omgrepet «konsentrasjonsleir» for å beskriva hendingar i Polen under opprøret i Bar-konføderasjonen (1768–72). Då etablerte Det russiske samveldet tre fangeleirar for polske fangar som avventa deportasjon til Sibir.[5]

Dei første endre

Dei første konsentrasjonsleirane blei oppretta av britane under Boerkrigen i Sør-Afrika 18991902. Der blei familiane til dei nederlandsktalande geriljakrigarane haldne innesperra under tilhøve som gjorde at mange døydde. Sjølve ordet kjem og frå desse leirane, som av britane altså blei kalla «concentration camps». Britane oppretta òg konsentrasjonsleirar for kikuyufolket i Kenya under opprøret mot kolonimakta i 19521960. Desse har vorte kalla «Britain's Gulag» i ei bok frå 2005 med same namn av Caroline Elkins, som har granska dette lite kjende brotsverket. Ho reknar med at mellom eitt og tre hundre tusen kikuyuar døydde av svolt, torste, sjukdom, mishandling og avrettingar.

Også USA oppretta konsentrasjonsleirar i kampen mot dei filippinske sjølvstendeforkjemparane under den filippinsk-amerikanske krigen i førstninga av 1900-talet.

Den tyske kolonimakta i Namibia i det sørvestlege Afrika oppretta òg konsentrasjonsleirar då dei undertrykte opprøret til dei innfødde i dette landet i 1903-1908. Massakrar, fordriving av sivile ut i ørkenen og behandlinga av dei i konsentrasjonsleirane, førte til saman til det første folkemordet1900-talet. Ein reknar med at to tredelar av det namibiske herero-folket døydde i desse åra. Det er nyss (i februar 2007) kome ei bok om dette på norsk, Det første folkemordet i det tjuende århundret av Tore Linné Eriksen. Boka er utgjeven på Unipub forlag, i samarbeid med Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter i Oslo («HL-senteret»).

Dei største endre

Dei største fangeleirsystema i omfang var GULAG i Sovjetunionen under Josef Stalin og eit tilsvarande i Kina under Mao Zedong. Dei fleste av leirane i GULAG var tvangsarbeidsleirar der hovudpoenget var å utnytte gratis arbeidskraft så hardt og lenge som råd, utan omsyn til at mange døydde. Likevel kunne menneske overleve lenge og komme levande ut att av desse om dei vende seg til forholda med lite mat, hardt arbeid og ofte hardt klima. Men somme leirar var og å rekne som dødsleirar, der mange regelmessig blei henta ut og skotne. Dei aller fleste politiske fangane i GULAG blei sette fri etter Stalin døydde i 1953.

Dei verste endre

 
Døde fangar på eit lasteplan i Buchenwald. Kroppane var blitt samla opp for å brennast då amerikanske styrkar frigjorde leiren.

Dei nazistiske tyske konsentrasjonsleirane var alle svært brutale, men likevel med nokre skilnader mellom ulike typar. Nokre var først og fremst slavearbeidsleirar, med meir eller mindre ekstreme tilhøve og straffemetodar for ulike grupper fangar. Andre var reine utryddingsleirar, dødsfabrikkar, der dei fleste menneska blei sende i gasskammer med ein gong dei kom dit. Men i somme av slavearbeidsleirane var mishandlinga av menneska også så ekstrem at dei i snitt overlevde berre få månader, og fleire leirar hadde både slavearbeids- og utryddingsavdelingar samtidig. Ein skilnad frå vanlege fengsel var at ein blei send til konsentrasjonsleirane ved reint administrativ avgjerd, altså utan rettssak og dom, og på ubestemt tid.

Typar leirar endre

I mange land, både i aust og vest, har det eksistert fengselsanlegg eller fangeleirar av ulike typar med tilhøve som gjer at dei kan kallast konsentrasjonsleirar. Nokre av leirtypane er desse:

Interneringsleirar. Som vist ovanfor, var dei første konsentrasjonsleirane britiske interneringsleirar for boerar i Sør-Afrika. Andre døme er reservata som dei nordamerikanske indianarane blei tvinga inn i på slutten av 1800-talet, der mange døydde av svolt og sjukdom. Nyare døme kan vere dei avsperra jødiske ghettoane i Aust-Europa under nazismen, og faktisk heile byar i dei delane av Sovjetunionen som var okkupert av Hitler-Tyskland. Meininga var å desimere (minske) folkesetnaden i dei avsperra områda gjennom svolt og det som følgjer med den. Det var elles også interneringsleirar for amerikanarar med japansk bakgrunn i USA under andre verdskrigen. Men forholda der kan sjølvsagt ikkje samanliknast med døma ovanfor. Ein type interneringsleirar er også krigsfangeleirane. Krigsfangar skal etter Genevekonvensjonen internerast under levelege tilhøve til kamphandlingane er over, og ikkje verken mishandlast eller brukast til tvangsarbeid. Japan var eitt av dei landa som i stor grad braut desse reglane før og under andre verdskrigen, med både interneringsleirar og krigsfangeleirar med ekstreme tilhøve.

 
Flyfoto av Dachau.

Tvangsarbeidsleirar. Tvangsarbeid, eller «slaveri» som det faktisk blei kalla i Noreg, har vore noko ein kunne bli dømd til lenge, i mange land. «Chain gangs» er kjende frå både britiske og franske koloniar og forvisingsstader, og frå USA. Tvangsarbeidsanstaltar har derfor eksistert mange stader, men i førre hundreåret fekk vi i somme land mykje større tvangsarbeidsleirar der folk kunne hamne utan rettssak og dom au. Dette gjaldt særleg stalinistiske og fascistiske/nazistiske regime. I strid med Genevekonvensjonen gjorde Hitler-Tyskland særleg sovjetiske krigsfangar til slavar i tvangsarbeidsleirar under andre verdskrigen. I mange av desse nazistiske tvangsarbeidsleirane var tilhøva så bevisst ekstreme at dei også fungerte som utryddingsleirar. Dette gjaldt stader som Dachau, Sachsenhausen, Buchenwald, Theresienstadt og Ravensbrück, for å nemne nokre av dei. Til desse kom det under andre verdskrigen menneske frå dei fleste land i Europa. Før krigen var det særleg medlemmer av det tyske kommunistpartiet og sosialdemokratiet som sat i konsentrasjonsleirane.

 
Frå den nazistiske konsentrasjonsleiren Buchenwald.

Utryddingsleirane eller dødsleirane, der sjølve hovudpoenget var at så mange fangar som råd skulle døy, er særleg knytte til den tyske nazismen frå 1933 til 1945, og da særleg i perioden frå 1941, frå åtaket på Sovjetunionen. Da blei det etablert eit industrielt organisert system av massetransport frå store delar av det tyskokkuperte Europa, seleksjon ved ankomst, gassing med giftgass og likbrenning i dei store konsentrasjonsleirane nazistane hadde oppretta i Aust-Europa. Dette var slike stader som Auschwitz (med Birkenau), Majdanek, Treblinka og Sobibor, for å nemne nokre av dei.

Eit spesielt tilfelle etter andre verdskrigen er Raude Khmer-regimet i Kambodsja under leiing av Pol Pot, som i åra 19751979 gjorde store delar av landsbygda i landet om til det som er blitt kalla «dødsmarkene». Mesta heile bybefolkninga i landet blei send ut på landet til tvangsarbeid under ekstreme tilhøve og massiv valdsbruk. Kanskje så mykje som 2 av 8 millionar menneske i landet døydde før nabolandet Vietnam greip inn og gjorde slutt på dette folkemordet.

I Noreg endre

Svanviken var ein leir for romanifolk (taterar) som vart halden i drift heilt fram til 1979. Denne leiren er blitt kalla «arbeidskoloni» og «misjonsleir», men hadde til tider trekk som gjer at somme har kalla det ein konsentrasjonsleir. Dette også fordi folk kunne bli sende dit utan å ha gjort noko spesielt dei var dømde for, men berre for livsstilen og kulturen sin.

Under den tyske nazistiske okkupasjonen var det mange konsentrasjonsleirar her i landet. Dei fleste var tvangsarbeidsleirar for krigsfangar frå Sovjetunionen og Jugoslavia, med meir eller mindre ekstreme tilhøve. Dei verste var for dødsleirar å rekne, det gjeld særleg nokre av leirane i Nord-Noreg. Men for vanlege nordmenn rundt om i store delar av landet var det eit sjokk å sjå korleis desse fangane frå dei slaviske folkeslaga blei behandla av rasistiske tyske (og somme norske) fangevaktarar. Av ca. 80 000 sovjetiske krigsfangar i Noreg under okkupasjonen døydde ca. 15 000. Dødsraten blant dei noko færre jugoslaviske fangane var enda større.

Også i konsentrasjonsleiren Falstad i Trøndelag var det slaviske krigsfangar, men dit kom og ein del norske politiske fangar, og det var første stoppestad for mange arresterte norske jødar. Behandlinga dei fekk var svært brutal. Forholda ved Falstad var meir ekstreme enn ved Grini på Austlandet, der stort sett etnisk norske politiske fangar sat.

I nyare tid har Politiets utlendingsenhet teke i bruk Trandum leir som internerings- og deportasjonsleir frå april 2012. Denne konsentrasjonsleiren har seinare blitt bygd ut i fleire trinn, og våren 2016 hadde han òg minst 11 celler i eiga tryggleiksavdeling.[6] Utanom denne avdelinga har leiren ein kapasitet på rundt 230 fangar ("sengeplassar"). Folk frå godt over 100 nasjonalitetar blir samla her i påvente av deportasjon, og leiren har ført til ein del kritikk.[7][8] Det er rapportert om at fengsling skjer utan føregåande dom, og at òg born blir fengsla, noko mange hevdar er i strid med Menneskerettane.[9]

I det 21. hundreåret endre

Som vi ser, er konsentrasjonsleirar først og fremst eit fenomen frå det 20. hundreåret. Men somme seier den fangeleiren USA oppretta for mistenkte valdelege islamistarGuantanamoCuba etter invasjonen i Afghanistan i 2001, er som ein konsentrasjonsleir av di dei som sit der, sit på ubestemt tid utan rettssak og dom. Tilhøva og behandlinga fangane får er også svært omdiskutert. USA vil ikkje gje status og fulle rettar som krigsfangar til dei. USA prøver å få informasjon ut av dei, men nokre av metodane som vert brukte til å avhøyre dei har òg blitt kalla ei form for tortur.

I Nord-Korea vert det drive seks konsentrasjonsleirar under namnet kwalliso, som truleg har rundt 200 000 fangar.[10] Mange av desse fangane er fødde i leirane, og er blant opptil tre generasjonar av familiane til dei som opphavleg vart mistenkte og internerte.[11]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Concentration Camp». The Columbia Encyclopedia (6. utg.). Columbia University Press. 2008. 
  2. «Documents re camps in Boer War». sul.stanford.edu. Arkivert frå originalen 9. juni 2007. 
  3. 3,0 3,1 Meredith, Martin (2007). Diamonds, Gold, and War: The British, the Boers, and the Making of South Africa Conditions were reputedly even worse in the camps where black Africans were held, but unlike in the Boer camps, death rates were not recorded in the camps where black Africans were held. (1. utg.). New York: PublicAffairs. s. 452–456. ISBN 978-1586484736. 
  4. Knight, Ian (2000). Boer Wars (2): 1898–1902. Men-at-Arms. Oxford: Osprey Publishing. s. 40. ISBN 978-1855326132. 
  5. Konopczyński, Władysław, Konfederacja barska, t. II, pp. 733–734.
  6. «Trandum internat, modul 3». 
  7. «KOROs prosjekt på Trandum». 
  8. «Sivilombudsmannens besøksrapport, mai 2015» (PDF). 
  9. «Krass kritikk mot Trandum: – Mer inngripende enn mange fengsler (VG 9.12.2015)». 
  10. «North Korean Prison Camps Massive and Growing». 
  11. «North Korean Prison Camp Escapee Tells of Horrors, Worries About Those Left Behind».