Konseptalbum er eit omgrep som vert nytta om eit musikkalbum der innhaldet formar eit enkelt tema eller ei samla historie.

Heilskapen rundt eit album, som plateomslag, tidsmessige nyansar, namn og rekkefølgje på songane, instrumentbruk eller forteljingar og historier artisten vil framheve gjennom musikken sin, er med på å definere kva som er eit konseptalbum. Definisjonen er stundom veldig problematisk å presisere på grunn av dette.

Det vert stadig diskutert når definisjonen konseptalbum starta. Nokre hevdar at dei første albuma av denne typen dukka opp seint på 1930-talet, medan andre hevdar desse først kom på slutten av 1940-talet under Frank Sinatra si stordomstid. Det er òg på hans album Songs for Young Lovers og Swing Easy definisjonen konseptalbum vart brukt. Det var ikkje før 1966 ordet fekk ei sterkare meining då Beach Boys gav ut albumet Pet Sounds og forma sjangeren rock, som inspirerte Frank Zappa, The Kinks, Ray Davies og The Beatles. Sistnemnde gav ut albumet Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band som vart sett på som eit konseptalbum, men her er det òg store diskusjonar.

Det var etter The Beatles det byrja å kome album av denne typen. Det første var The Rolling Stones sitt album Their Satanic Majesties Request frå 1967 og The Who sine album Tommy og Quadrophenia. Dei to sistnemnde går også inn i undersjangeren rockeopera saman med rockemusikal. Og det var etter desse albuma konseptalbum vart anerkjend som definisjon på utradisjonelle oppbygde album. Denne typen vart vanleg under sjangeren progressiv rock som kom på 1970-talet. Det vart kommersielt å gje ut konseptalbum, og dei selde svært godt. Nokre døme på dette er Pink Floyd sitt The Dark Side of the Moon og Camel sitt The Snow Goose. King Crimson laga ei rekkje konseptalbum om dei fire elementa og på den måten laga han ein konseptserie dette tiåret.

Desse albuma gjekk primært på tema som sex, krig, tid, pengar, død, fobiar og tolkingar av historier, men då det etter kvart vart mange konseptalbum gjekk dette av moten, mykje fordi låtskrivarane vart for opptatt av heilskapen og kva for tema som skulle tolkast, i staden for å sikre kvaliteten på kvar enkelt song. Konseptalbum vert likevel knytte til progressiv rock, progressiv metall og er òg i dag nytta av nyare progrockgrupper, som Dream Theater og delvis Radiohead.