Ein konservator arbeider førebyggande eller aktivt med å stelle og ta vere på arkeologiske, historiske, moderne eller estetiske objekt som til dømes kunst av ulike slag, kulturminne, historiske interiør osv. Konserveringstiltak kan vere forsterking, restaurering, preparering eller preventive tiltak.

Ein skil mellom aktiv og preventiv konservering. Aktiv konservering inneber eit aktivt inngrep i objektet. Det kan bli endra, gjort reint eller forsterka.

Preventiv konservering går derimot ut på 'minste moglege tiltak'. Dette kan bety at ein avgrensar årsakene til at eit objekt blir brote ned, ved for eksempel å arbeide for ei meir skånsam oppbevaring eller eit kontrollert klima - luftfukt, temperatur, luftsirkulasjon, luftfilter osb.

Konservatorar har spesialkunnskapar om ulike materialar sine kjemiske og fysiske nedbrytingsprosessar, og er til vanleg spesialistar på ein bestemt materialkategori: Papir, måleri, tekstil, metall, arkeologiske materialar, moderne materialar. Yrket føreset eit godt handlag, og gode kunnskapar om kultur- og kunsthistorie, gjerne i kombinasjon med etnologiske og sosiokulturelle perspektiv.

Konservatorar er som regel tilsette på større museum, eller andre offentlege institusjonar. På musea arbeider dei med å halde samlingane i god stand, både utstillingane og i magasina.

Sjå også endre

Bakgrunnsstoff endre


  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.