Konsmo er ei innlandsbygd i Vest-Agder, tidlegare eigen kommune. Konsmo er ein del av Audnedal kommune frå 1964.

Konsmo kyrkje er krossbygd (1802) med 400 plassar. Ho blei restaurert i 1952. I den kyrkjelege organiseringa er Konsmo eit sokn i Mandal prosti i Agder og Telemark bispedømme.

I Konsmo er det stiar frå barnevandringane i åra 1830 til 1910 haldne i hevd, og det er også reist ein skulptur for å minne om hardare tider med barnearbeid i Noreg.

Historie endre