Konstantin Andrejevitsj Somov (30. november 18696. mai 1939) var ein russisk målar som var knytt til kunstrørsla Mir iskusstva.

Konstantin Somov

Sjølvportrett, 1921
Verkeleg namn Константин Андреевич Сомов
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd 18. november 1869
St. Petersburg
Død

6. mai 1939 (69 år)
Paris

Yrke bilethoggar, illustratør, akvarellmaler, kunstmålar, grafikar
Sjanger grafikk
Far Andrej Ivanovitsj Somov
Signatur
Konstantin Somov på Commons

Liv og gjerning endre

Far til Somov var kunsthistorikar og kurator ved Eremitasjen i St. Petersburg. Sonen fekk såleis tidleg grundig kunnskap om det 18. hundreårets kunst og musikk. Konstantin Somov studerte ved St. Petersburgs kunstakademi under Ilja Repin frå 1888 til 1897. Deretter oppheldt hans seg ei tid i Paris.

Under opphaldet på kunstakademiet pleia Somov vennskap med Aleksandr Benois, som gjorde han kjend med Sergej Djagilev og Leon Bakst. Etter desse tre i 1899 grunnla Mir iskusstva, vart Somov ein flittig bidragsytar til tidsskriftet.

Aleksandr Bloks teater

Inspirert av Watteau og Fragonard arbeidde Somov helst med akvarellar og gouache. I tre år arbeidde han på hovudverket sitt; Kvinne i blått (1897-1900), måla i samsvar med metodane brukt i det 18. hundreåret.

I tida rundt 1910 laga Somov ein serie harlekin-scener og -illustrasjonar til dikt av Aleksandr Blok. Større delar av verka hans vart utstilt utanlands, særleg i Tyskland, der den fyrste monografien om målarkunst hans kom ut i 1909.

Somov underviste frå 1913 ved St. Petersburg kunstakademi, som etter oktoberrevolusjonen vart døypt om til statleg kunsthøgskule. År 1923 emigrerte Somov til US-Amerika. Han opplevde landet som «fullstendig framandt for kunsten hans», og flytta to år etter til Paris. Der døydde han i 1939.

Somov sine verk er i dag å sjå i mellom anna Tretjakovgalleriet og i Det russiske museet. Størstedelen er portrett og landskapsmåleri.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Konstantin Somov