Konstantin Stanislavskij

Konstantin Sergejevitsj Stanislavskij (17. januar 18637. august 1938) var ein russisk regissør, skodespelar, teaterleiar og teaterpedagog. I dag underviser dei fleste teaterskular i den vestlege verda etter dei prinsippa og teknikkane som Stanislavskij la for skodespelaropplæringa. Han fornya teaterkunsten og har hatt svært stor innverknad på seinare teater- og filmhistorie.

Konstantin Stanislavskij

Fødd5. januar 1863
FødestadMoskva
Død7. august 1938 (75 år)
DødsstadMoskva
Aktive år1877–1938
Verka somsceneinstruktør, teaterskodespelar, pedagog, filmregissør, skodespelar, regissør, lærar, teaterviter, gründer
FarQ111578453
EktefelleMaria Petrovna Lilina
BornVladimir Sergeyevich Sergeyev
PrisarLeninordenen, Folkets kunstner i Sovjetunionen, Arbeidets røde fanes orden, Folkekunstner av Den russiske sovjetrepublikk, Den røde ørns orden

Liv og gjerning endre

 
Stanislavskij i rolla som riddaren i Aleksandr Pusjkins «Den gjerrige riddaren» i ei oppsetjing i Moskva 1888

Stanislavskij vart fødd i Moskva og arbeidde heile livet innanfor teateret. Saman med kollegaen Vladimir Nemirovitsj-Dantsjenko danna han i 1898 Moskva kunstnarteater, som vart kjent gjennom oppsettingar av Anton Tsjekhov sine skodespel. Stanislavskij skapte ein praktisk metode og teori for skodespelarar som ville utvikle ein truverdig rollefigur «innanfrå» i motsetning til gjennom ytre, påtekne gestar.

I 1936 mottok Stanislavskij Leninordenen, Sovjetunionens høgste sivile utmerking.

Stanislavskijs metode for skodespelaropplæring endre

For Stanislavskijs var innleving eit særleg viktig prinsipp. Tidlegare hadde skodespelarkunsten vore prega av stive, maskeprega og stereotype framstillingar av kjensler og personlegdomar. Stanislavskij ville at utøvarane skulle finne fram til og uttrykke ekte kjensler og opplevingar. Skodespelarane skal gå så opp i rolla at dei kjenner seg som rollefigurane. Grunnlaget for ein slik rolleidentifikasjon er å analysere dramateksten og bestemme rollefiguren sin livssituasjon, bakgrunn og ynskje. I tillegg må skodespelaren klargjere kva og kven som hindrar rollefiguren i å oppnå målet sitt. Det heile må utviklast i samsvar med grunntanken i stykket. Slik vil hovudideen i stykket prege alle detaljar i framføringa. Mot slutten av livet var Stanislavskij særleg oppteken av fysiske handlingar som ein inngangsport til truverdig spel, samt improvisasjon. For Bertolt Brecht, den andre store teaterteoretikaren i det 20. hundreåret, var målet å få tilskodaren til å tenke framfor å føle.

Stanislavskij si metode vert ofte forveksla med Lee Strasberg si method acting, ein metode som vart utvikla på 1930-talet. Desse to systema har mange fellestrekk, men er også ulike på mange punkt.

Stanislavskij døydde i fødebyen Moskva i 1938.

Litteratur endre

  • Stanislavskij, Konstantin: En skuespillers arbejde med sig selv. Nyt Nordisk forlag Arnold Busck, København 1998. ISBN 87-17-01062-4

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Konstantin Stanislavskij