Koobi Fora er eit område nord i Kenya, aust for Turkanasjøen, i området til det nomadiske gabbrafolket. Koobi Fora er kjend for rike fortidsfunn, mellom anna fossil frå gruppa Hominini (menneskeslekta og sjimpansar). I 1973 blei området verna av kenyanske styresmakter som Sibiloi nasjonalpark.

Koobi Fora

Det er funne hominin-fossil av rundt 150 individ her. Det ser ut til at Australopithecus og Homo levde i same området i ein million år. Representantar frå Australopithecus anamensis, A. boisei, Homo habilis og H. ergaster (erectus), er funne her. Ein hovudskalle som er rundt 1,9 millionar år gammal er blitt klassifisert som ein eigen art, Homo rudolfensis.

Av steinreiskapane som er funne i Koobi Fora er dei eldste mellom 1,8 og 2 millionar år gamle, og høyrer til oldowantradisjonen. Eit yngre lag som er rundt 1,5 millionar år gammalt høyrer til karari-industrien.

Koobi Fora-formasjonen er ein sedimentær lagpakke frå pliocen og pleistocen, som vart avsett frå fire til ein millionar år siden og er 600 meter tjukk. Koobi Fora-formasjonen består av åtte ledd som er avgrensa av tuff.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Koobi Fora» frå Wikipedia på engelsk, den 11. november 2009.
  • Askheim, Svein (12. juli 2009). «Koobi Fora-formasjonen». Store norske leksikon. Henta 28. januar 2014. 
  • Timothy Darvill, red. (2008), «Koobi Fora, Kenya», The Concise Oxford Dictionary of Archaeology, Oxford University Press