For den tørka frukta, sjå korintar.
Korint
Lokalt namn Κόρινθος

Tempelet til Apollon i Korint
Geografi
Stad Peloponnes
Koordinatar 37°56′N 22°56′E / 37.933°N 22.933°E / 37.933; 22.933
Areal 611,0 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Peloponnes
Korinthía
Hovudsete Korint (30 176 innb.)
Demografi
Folketal 58 192 (2011[1])
Folketettleik 95,2 /km²

Korint eller Korinth (gresk Κόρινθος, Korinthos) er ein by og kommune på Peloponnes i Hellas. Han er hovudstad i periferieininga Korinthía i periferien Peloponnes.

I antikken var han ein bystat ved Korinteidet, eidet frå det greske fastlandet til Peloponnes. Vest for eidet ligg Korintbukta og i aust Saroniabukta. Korint ligg om lag 78 km sørvest for Aten. I dag går Korintkanalen gjennom Korinteidet, medan ein i antikken slepte skipa over til den andre sida.

Byen er omringa av småbyane Lékheo, Isthmía, Kekhriés ved kysten og Examília i indre strøk.

Administrativ inndeling endre

 
Den tidlegare kommunen Korint, no kommunaleininga Korint

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fem tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 58 192 innbyggjarar, medan kommunaleininga Korint hadde 38 132 og den moderne tettstaden med same namn 30 176 innbyggjarar.[1]

Historie endre

Førhistorisk tid endre

Byen har sitt opphav i steinalderen i om lag år 6000 fvt. I følgje segna vart byen grunnlagd av Kornithos, ein etterkomar av solguden Helios, medan andre segner fortel at han vart grunnlagd av gudinna Efyra, dottera til titanen Okeanos. Det gamle namnet på byen var Efyra. Ein har funne spor av at byen vart øydelagd rundt år 2000 fvt.

Før slutten av den mykenske perioden prøvde dorianarane å slå seg ned i Korint. Det første forsøket slo feil, medan det andre var ein suksess då leiaren deira Aletes følgde ein annan veg rundt Korintbukta frå Andírio.

Antikken endre

 
Tempelet til Apollon i Korint.
 
Periander (Περίανδρος) (627–585 fvt.
 
Myntar frå Korint

I antikken var Korint ein rival til Aten og Theben (Thíva) når det kom til rikdom på grunn av trafikken og handelen over eidet. Fram til midten av 500-talet fvt. var Korint storeksportør av keramikk med svarte figurar til byar i den greske verda. Atensk keramikk tok seinare over markedet. Det store tempelet i Korint på den gamle akropolisen var tileigna gudinna Afrodite. I følgje dei fleste kjelder var det meir enn tusen tempelprostituerte ved tempelet til Afrodite.

På 600-talet fvt., då Korint vart styrt av tyrannane Kypselos(657-627 fvt.) og son hans Periander (627-585 fvt.), sende byen kolonistar til Epidamnos (i dag Durres i Albania), Siracusa, Ambrakia (i dag Levkáda), Korkyra (i dag Kérkyra) og Anaktoriom. Periander grunnla òg Apollonia (i dag Fier i Albania) og Potidaea (i dag Potídea i Khalkidikí). Korint var òg ein av ny greske byar som var med å danne kolonien Naukratis i Egypt. Naukratis vart grunnlagd for å auke handelen mellom den greske verda og Egypt under regjeringstida til farao Psammetichus I i det 26. dynastiet.

Periander var ein av Dei sju vise menn i Hellas. Det var under hans regjeringstid at dei første korintiske myntane vart laga. Han var den første som prøvde å grave ein kanal gjennom eidet. Dette vart derimot svært vanskeleg og han gav opp forsøket. Han bygde i staden Diolkos, ei steinlagt rampe over land. Epoken til kypselidane som enda med Periander sin nevø Psammetikos, kalla opp etter den hellenofile egyptiske faraoen Psammetikus I, var gullalderen til Korint.

 
Korintisk søyleorden

Under denne epoken utvikla korintarane søyleordenen sin, den tredje ordenen av klassisk arkitektur etter dei joniske og doriske. Den korintiske søyleordenen var den mest kompliserte av dei tre og viste oppsamling av rikdom og luksuriøs livsstil i den antikke bystaten, medan den doriske ordenen samstemte med den strenge og enkle livsstilen til de eldre dorianarane som spartanarane, medan den joniske var ein balanse mellom dei to etter filosofien og harmonien til jonarar som atenarane.

På den tida var det eit vidkjend gammalt ordtak, Ou pantos plein es Korinthon («ikkje alle kan dra til Korint», på grunn av den dyre levestandarden som herska i byen. Byen vart berykta for dei tempelprostituerte til Afrodite, kjærleiksgudinna, som tente dei rike handelsmennene og dei mektige embetsmennene som levde i eller reiste innom byen. Den mest kjende av dei, Lais, vart sagt å ha ekstraordinære emner og tok ekstremt høg betaling for sine tenester

 
Korintisk hjelm

Byen hadde to hovudhamner, ein i Korintbukta og ein i Saroniabukta, som tente handelsrutene i høvesvis det vestlege og austlege Middelhavet. I Korintbukta låg Lakaion som knytte byen til sine vestlege koloniar (apoikoiai) og Magna Graecia, medan hamna Kekhriais tente skipa som kom frå Aten, Jonia, Kypros og resten av Levanten. Begge hamnene hadde dokker for bystaten sine store krigsflåter.

Byen medverka i persarkrigane og deltok med 40 krigsskip i slaget ved Salamis under admiral Adeimantos og 5000 hoplittar i det påfølgjande slaget ved Plataiai. Etter dette var Korint ofte fiende av Aten og alliert med Sparta i det peloponnesiske forbundet. Ein av faktorane som førte til peloponnesarkrigen i 431 f.Kr., var krangelen mellom Korint og Aten over den korintiske kolonien Korkyra (Kérkyra), som truleg stamma frå den tradisjonelle handelsrivaliseringa mellom dei to byane.

Etter at peloponnesarkrigen var slutt, hadde Korint og Theben, som var tidlegare allierte med Sparta, vorte misnøgde med hegemoniet til Sparta og starta korintkrigen mot bystaten. Dette svekka polisane i Peloponnes ytterlegare før invasjonen til makedonarane frå nord og danninga av Korintligaen av Filip II av Makedonia mot det persiske riket. Filip sin son, Aleksander den store, var den førte generalen til hellenarane.

Romartida endre

Romarane under Lucius Mummius øydela Korint etter ei omleiring i 146 f.Kr.. Då han gjekk inn i byen drap Mummius alle menn og selde kvinner og born som slavar før han sette byen i brann. For dette fekk han tilnamnet Akhaikos som erobrar av Det akhaiske forbundet. Medan det finst arkeologiske bevis for minimal busetnad i åra etterpå, grunnla Julius Cæsar byen på nytt som Colonia Iaus Iulia Corinthiensis i 44 f.Kr. kort tid før han vart myrda. I følgje Appian bestod dei nye busetjarane av frigjevne slavar i Roma. Under romarane vart han sete for styret av det sørlege Hellas eller Akhaía (i følgje Apostelgjerningane 18, 12-16). Folkesetnaden vart kjend for sin velstand og for sine luksuriøse, umoralske og lastefulle vanar. Byen hadde ein stor blanda folkesetnad av romarar, grekarar og jødar.

Då apostelen Paulus først vitja byen (51 eller 52), var Gallio, bror til Seneca, prokonsul i byen. Paulus budde her i atten månader. Her vart han kjent med Akvilas og Priskilla, og kort etter at han reiste kom Apollos frå Efesos.

Paulus skreiv to av sine brev til det kristne samfunnet i Korint, 1. korintarbrev og 2. korintarbrev. Det første brevet omhandlar vanskane med å oppretthalde eit kristent samfunn i ein slik verdsby.

Austromersk tid endre

Byen vart øydelagd av eit jordskjelv i 375 og igjen i 551.

Under Alarik I sin invasjon av Hellas, i 395396, var Korint ein av byene han plyndra og selde mange av borgarane som slavar.

Under styret til den austromerske keisaren Justinian I vart det reist ein stor steinmur frå Saroniabukta til Korintbukta for å verne byen og den peloponnesiske halvøya mot barbariske invasjonar frå nord. Steinmuren var rundt ti km (seks miles) lang og vart kalla Examilion (exi=seks på gresk).

1100-talet, under styret til Komnenos-dynastiet, trekte rikdomen i byen som var skapt av silkehandelen]] til seg dei latinske statane i Vest-Europa, til seg merksemda til dei sicilianske normannarane under Roger av Sicilia som plyndra byen i 1147.

 
Akrokorint

Fyrstedømet Akhaia endre

Geoffrey I Villehardouin, nevø av den vidkjende historikaren med same namn, fekk i 1204 Korint etter erobringa av Konstantinopel med tittelen prins av Akhaia. Frå 1205 til 1208 gjorde korintarane motstand mot det frankiske herredømet frå festning deira i Akrokorint under leiing av den greske generalen Leo Sgouros. Den franske riddaren William av Champlitte leia krossfararstyrkane. I 1208 tok Leo Sgouros sjølvmord ved å ri utfor toppen av Akrokorint, men frå 1208 til 1210 haldt korintarane fram med å gjere motstand mot fienden sine styrkar.

Etter kollapsen til motstanden og i åra etterpå vart Korint ein fullstendig del av fyrstedømet, styrt av villehardouinarar frå hovudstaden deira i Andravída i Ilía. Korint var den siste viktige byen i Akhaía på den nordlege grensa med ein annan krossfararstat, hertugdømet Athen.

Osmansk styre endre

Fem år etter det endelege fallet til Konstantinopel, erobra tyrkarane i Det osmanske riket byen og det mektige slottet.

Under den greske sjølvstendekrigen, 1821-1830 vart byen fullstendig øydelagd av dei tyrkiske styrkane. Byen vart offisielt frigjort i 1832 etter Londontraktaten. Staden vart ein av kandidatane for den nye hovudstaden til det nyleg grunnlagde kongedømet Hellas i 1833, sidan han var historisk viktig og den strategiske posisjonen. Aten, som då var ein lite viktig landsby, vart vald i staden.

Koloniar endre

I tidleg klassisk tid kunne Korint måle seg i rikdom med Aten og Theben (Thíva). På 600-talet f.Kr. sendte byen nybyggjarar ut som etablerte bykoloniar ein rekke stader. Mellom anna:

Koloniar i Ipiros:

Koloniar på Sicilia i Magna Graecia:

  • Syrakus i 734 f.Kr.
  • Akrai grunnlagd frå Syrakus i 664 f.Kr.
  • Kasmenai grunnlagd frå Syrakus i ca. 645 f.Kr.
  • Akrillai grunnlagd frå Syrakus på 600-talet f.Kr.
  • Helorus grunnlagd frå Syrakus på 600-talet f.Kr.
  • Kamarina grunnlagd frå Syrakus i 599 f.Kr.

Korint i dag endre

 
Korintkanalen

Den gamle byen (antikkens Korint, i dag ein landsby 3 km sørvest for den moderne byen) vart i 1858 fullstendig øydelagt av eit jordskjelv. Den nye byen Korint vart grunnlagt på kysten ved Korintbukta.

Korint er den nest største byen i periferien Peloponnes etter Kalamáta (53 659 innbyggjarar i 2001). I folketeljinga i 1991 hadde byen eit folketal på 28 071, medan dei siste tala frå 2001 viser ein auke på 2 363 innbyggjarar (+8,4%) til 30 434. Mellom folketeljingane i 1981 og 1991 hadde byen ein av dei raskast aukande folkesetnadane i landet.

Den tidlegare kommunen, i dag kommunaleininga Korint, hadde eit folketal på 38 132 i 2011. Dette området omfattar landsbyen rundt det antikke Korint (1 939 innbyggjarar), som låg ved høgda Akrokorint tre km frå det nye bysenteret, og dessutan landsbyen Examília (1 810 innbyggjarar) og dei mindre busetnadane til Xylokériza (849 innbyggjarar) og Solomós (743 innbyggjarar).

Korintkanalen som er sjøvegen for ein del av skipstrafikken mellom det vestlege Middelhavet og Egearhavet, ligg rundt fire km aust for byen der den skjer gjennom Korinteidet.

Eit bytorg ligg ved sidan av hamna. Hamna ligg nord for torget og tener lokale behov for industrien og landbruket. Det er hovudsakleg ein eksportsfasilitet.

Korint er eit viktig industriknutepunkt på nasjonalt nivå. Koparkablar, petroleumsprodukt, medisinsk utstyr, marmor, gips, keramikkfliser, salt, mineralvatn og kjøttprodukt produserast i nærleiken. Eit stort røyrleidningskompleks, ein tekstilfabrikk og ein fasilitet for kjøttpakking la ned verksemda si i 2005.

Eit stort oljeraffineri ligg rundt 12 km nordaust for byen som nokon meiner er grensa for byområdet til Aten. Komplekset er av de største i det austlege Middelhavet. Det er omringa av riksveg 8A og ein motorveg med 3+1 filer i kvar retning. Eit moderne rekreasjonsområde med restaurantar og bensinstasjonar ligg i nærleiken av motorvegen. Motorvegsambandet går til Aten, Pátra og Trípoli.

Byen er endestasjon for ein nyleg bygd topp moderne jernbanelinje (Proastiakós) til storbyområdet til Aten. Forventningane for vidare økonomisk vekst og busetnadsekspansjon er viktige på grunn av denne nye utviklinga.

Byen er òg eit viktig knutepunkt for trafikken inn i Peloponnes, den sørlegaste delen av fastlandet i Hellas.

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Korint Korint 30 176
Lékheo Ássos-Lékheo 2 643
Antikke Korint Korint 1 939
Ássos Ássos-Lékheo 1 916
Athíkia Saronikós 1 834
Examília Korint 1 810
Khiliomódi Tenéa 1 699
Sofikó Solyjía 1 679
Perijáli Ássos-Lékheo 1 616
Ájos Vasílios Tenéa 1 264
Loutrá Oréas Elénis Saronikós 1 145
Antikke Limáni Korint 979
Xylokériza Korint 849
Káto Examília Korint 816
Klénia Tenéa 777
Solomós Korint 743
Káto Almyrí Saronikós 703
Káto Ássos Ássos-Lékheo 693

Kjelder endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre