Korkeik
Korkeik
Korkeik
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Korkeik
Utbreiinga av Korkeik
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Bøkeordenen Fagales
Familie: Fagaceae
Slekt: Eikeslekta Quercus
Art: Korkeik Q. suber
Vitskapleg namn
Quercus suber

Korkeik er eit vintergrønt tre i eikeslekta, kjend for å produsera kork. Treet stammar frå middelhavslanda i Sørvest-Europa og Nordvest-Afrika. Det kan bli opptil 30 meter høgt, men har ofte hemma vekst i sitt naturlege miljø. Trea kan bli 150–250 år gamle.

Barken til ei korkeik

Bruk endre

Korkeika har eit svampaktig lag mellom den ytre flata av barken og det indre levande laget, kalla blautbast. Ein skreller stammen med visse mellomrom og tek ut kork. Om det er gjort rett, kan ein hauste kork frå trea kvart tiande til tolvte år utan å skade treet, for korklaget veks ut att. Kork har mange kommersielle bruksområde, som i flaskekorkar, oppslagstavler, ølbrikker, isolering, lok for syltetøysglas eller krukker, golvmateriale, pakningar i motorar, handtak og så bortetter.

Ein dyrkar korkeik i Algerie, Marokko, Tunisia, Portugal, Spania og Frankrike. I desse landa dekkjer korkeikskogar rundt 25 000 km². Portugal er den største korkprodusenten og står for rundt halvparten av korkhausten i verda. Korkeik er verna i Portugal, berre gamle tre som ikkje dannar meir kork kan fellast med løyve frå landbruksdepartementet.

Korkeik blir også dyrka som prydplante i parkar og liknande.

Økologisk tyding endre

Korkeikskogar dannar habitat for fleire utryddingstruga dyr, som pantergaupe (Lynx pardinus) på den iberiske halvøya og gibraltarape (Macaca sylvanus) i Atlasfjella og på Gibraltar.

Kjelder endre

«korkeik» i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff endre