Kosmopolitisk utbreiing

Kosmopolitisk utbreiing eller kosmopolitisk distribusjon er eit uttrykk i biologien for at ein art eller ein biologisk kategori, til dømes familie, er utbreidd over heile verda.[1] Ein art som har kosmopolitisk utbreiing kan omtalast som kosmopolitt. Ordet «kosmopolitt» stammar frå gresk kosmos '(verds)orden' og polites 'borgar' og blir bruka for å nemne at det som vert omtala gjeld heile verda.

Spekkhoggar har ei kosmopolittisk utbreiing i verdshava.

I omgrepet ligg det implisitt ei avgrensing til det naturlege miljøet til arten eller gruppa, til dømes ved at brugde finst i havet i område med temperert klima, både på den sørlege og den nordlege halvkula, men ikkje i tropane og ikkje i ferskvatn.

Nokre eksempel på kosmopolitiske artar er menneske, mange kvalar, nokre starar, nokre insekt som kvefsen Copidosoma floridanum, tistelsommarfuglen Vanessa cardui og lavarten bristlav Parmelia sulcata. Nokre kosmopolitiske grupper er muslingslekta Mytilus (som mellom anna omfattar blåskjel) og gnagargruppa Myomorpha, der ein finn mus, markmus, rotter, ørkenrotter, hamsterar og lemen.[1]

Biletdøme endre

Tistelsommarfuglen (Vanessa cardui) frå sommarfuglslekta Vanessa finst i heile verda bortsett frå Arktis og Antarktis.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Ian F. Spellerberg & John William David Sawyer, red. (1999). «Ecological patterns and types of species distribution». An Introduction to Applied Biogeography. Cambridge University Press. s. 108–132. ISBN 978-0-521-45712-5.