Kragujevac (serbisk Крагујевац) er den fjerde største byen i Serbia etter Beograd, Novi Sad og Niš, hovudbyen regionen Šumadija og det administrative senteret Šumadija distrikt. Han ligg ved breidda av elva Lepenica.

Kragujevac
Land  Serbia
Region Sentral-Serbia
Distrikt Šumadija
Areal 835 km²
Folketal 193 120  (2002)
Postnummer 34000
Retningsnummer (+381) 34
Kart
Kragujevac
44°00′51″N 20°56′22″E / 44.014166666667°N 20.939444444444°E / 44.014166666667; 20.939444444444
Wikimedia Commons: Kragujevac

Byen vart grunnlagd i 1476, og trass i at mange byar i Serbia er eldre var Kragujevac tidleg ute ved fleire høve. Han var den første hovudstaden i det moderne Serbia (1818-1839), den første grunnlova på Balkan vart erklært i byen i 1835. Seinare vart det første universitetet i det nye sjølvstendige Serbia grunnlagd her i 1838, i tillegg til det første gymnaset, prenteverket (1833), nasjonalteateret (1835) og militærakademi (1837).

Beograd vart hovudstad i 1841, og Universitet i Kragujevac vart ikkje opna på ny før i 1976. I dag er Kragujevac kjend for våpen og ammunisjon og bilfabrikken Zastava.

Historie endre

Kragujevac vart først nemnd i mellomalderen då det vart bygd ein offentleg plass i ein busetnad.

Fleire vegar går gjennom byen og byen har derfor vorte øydelagd fleire gonger gjennom historia. Han starta å bløme etter at Serbia vart frigjort frå Det osmanske riket i 1818 og fyrst Miloš Obrenović erklærte byen hovudstad i den nye serbiske staten. Den første serbiske grunnlova vart erklært her i 1835. Den første lova for trykkpresser vart vedteke i Kragujevac i 1870. Kragujevac var som hovudstad ein by i utvikling med frie idear og likna mange europeiske hovudstader på denne tida.

Bortsett frå den politiske innverknaden, vart Kragujevac ein kultur- og utdanningssenter i Serbia. Fleire viktige institusjonar vart bygd i denne perioden, som den første vidaregåande skulen i Serbia (Gimnazija), det første apoteket og den første trykkpressa.

Vendepunktet for utviklinga i Kragujevac kom i 1851 då det vart starta eit kanonstøyperi, som starta ein ny periode i den økonomiske utviklinga for byen. Hovudnæringa på 1800-talet og 1900-talet var militærproduksjon. Kragujevac vart ein av dei største eksportørane i Serbia i 1886, då jernbanen mellom Beograd og Niš vart lagt gjennom Kragujevac.

Under den første verdskrigen vart Kragujevac igjen hovudstad i Serbia (1914-1915), og sete for mange statlege instutisjonar. Kragujevac mista 15 % av innbyggjarane sine under krigen.

Kragujevacmassakren endre

Under den andre verdskrigen skaut og drap nazistane mellom 6000 og 8000 innbyggjarar i byen frå 19. til 21. oktober 1941. Dette var som hemn for eit partisanåtak på tyske soldatar - 50 innbyggjarar for ein skadd soldat, 100 innbyggjarar for ein død soldat. Av dei drepne var ein heil generasjon skulegutar. Monumentet for dei avretta elevane er eit symbol for byen. Denne hendinga inspirerte til diktet «Krvava bajka» («Blodig eventyr») av Desanka Maksimović, ein velkjend serbisk diktar frå Jugoslavia.

I etterkrigstida vart det utvikla meir industri i byen. Hovudeksporten er bilar, lastebilar og industrikjøretøy, jaktvåpen, industrikjeder, lêr og tekstilar. Den største industrien var bilfabrikken Zastava, som hadde titusenvis av tilsette. Industrien leid under økonomiske sanksjonar under Milošević-tida, og vart nesten heilt jamna med jorda under NATO-bombinga i 1999. Byen slit i dag med stor arbeidsløyse, men det har vore snakk om at bilfabrikanten Fiat skal gjenopne fabrikken.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre