Krasnodar (russisk Краснода́р) er ein by sør i Russland ved elva Kuban. Han er det administrative senteret i Krasnodar kraj.

Krasnodar
Краснодар
Flagget til Krasnodar Byåpenet til Krasnodar
Flagget til Krasnodar Byvåpenet til Krasnodar


Plassering
Krasnodar is located in Russland
Krasnodar is located in Krasnodar kraj
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Krasnodar kraj
Grunnlagd 12. januar 1794
Borgarmeister Vladimir Jevlanov
Geografi
Flatevidd
 - By

841,36 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

709 000
  842,7 /km²
Koordinatar 45°2′N 38°59′E / 45.033°N 38.983°E / 45.033; 38.983
Høgd over havet 25 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 350xxx
Retningsnummer (tlf) +7 861
Bilnummer 23, 93
Nettstad: www.krd.ru/

Historie endre

 
Jekaterinodar tidleg på 1900-talet.

Byen har opphav som festninga Jekaterinodar bygd av kosakkar for å forsvare grensa til Det russiske keisarriket og for å krevje russisk eigarskap over Circassia, som òg Det osmanske riket ønskte. På første halvdel av 1800-talet voks Jekaterinodar til eit travelt senter for kuban-kosakkane. I 1888 hadde byen om lag 45 000 innbyggjarar og vart eit livleg handelssenter i Sør-Russland. I 1897 vart ein obelisk til minne om den 200 år lange historia til kuban-kosakkane reiste i Jekaterinodar.

Under den russiske borgarkrigen skifte byen eigarar fleire gonger mellom den raude arméen og frivilligheitshæren, og mange kuban-kosakkar var anti-bolsjekvikar som støtta den kvite rørsla. Under den andre verdskrigen vart Krasnodar okkupert av Tyskland mellom 12. august 1942 og 12. februar 1943. Byen vart hardt råka under kampane, men gjenoppbygd og renovert etter krigen.

Bakgrunnsstoff endre