Krattspissmus

pattedyrart
Krattspissmus
Krattspissmus
Krattspissmus
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Krattspissmus
Utbreiinga av Krattspissmus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Eulipotyphla
Familie: Spissmus Soricidae
Stamme: Soricini
Slekt: Sorex
Underslekt: Sorex
Art: Krattspissmus S. araneus
Vitskapleg namn
Sorex araneus

Krattspissmus[2] eller vanleg spissmus er den mest utbreidde spissmusa og eit av dei vanlegaste pattedyra i Nord-Europa. Dyra er vanlegvis 55-82 mm lange og veg 5-12 gram. Spissmus har små auge, ein avspissa, rørleg snute og tenner med raude tippar. Dei har ein fløyelsaktig mørkebrun pels og lysare mage. Ungmus har lysare pels fram til den første fellinga når dei får vinterpels.

Spissmus lever i om lag 23 månader. Dei er aktive både om dagen og natta, men helst når det er mørkt.

Territorium endre

Krattspissmus held helst til i skog, markland og på heier i Skandinavia,[3] Storbritannia og Aust-Europa. Kvar spissmus etablerer eit revir på om lag 370-630 meter, og blir der heile livet. Hannane kryssar utover desse grensene berre i korte periodar for å finne ein partnar under paringa. Krattspissmus er frykteleg territoriale, og vert særs aggressive om andre spissmus trenger inn på området deira.

Reira deira ligg under jorda eller i tett vegetasjon.

Føde endre

Spissmusa sitt kjøtetande og insektetande kosthald består for det meste av insekt, sniglar, edderkoppar, meitemark og åtsel. For å overleva må ho eta rundt 80-90 % av kroppsvekta si kvar dag, noko ho må eta kvar andre til tredje time for å oppnå. I motsetnad til piggsvin går dei ikkje i dvale om vinteren, sidan kroppane deira er for små til å halda på store nok feittreserver.

Spissmus har dårlege augo, men har særs god luktesans og gode øyro som dei nyttar til å spora opp mat. Med desse sansane kan ei spissmus finna bytte opp til 12 cm ned i jorda.

Formeiring endre

Paringstida til dei vanlege spissmusene varer frå april til september, med eit høgdepunkt om sommaren. Etter å ha gått drektig i 24-25 dagar føder hoa eit kull på 5-7 spissmusunger, som forlet ho etter 22-25 dagar. Vanlegvis før ei ho opp 2-4 kull i året.

Det er berre i samband med formeiring spissmusene ikkje er einslege.

Kjelder endre

Referansar
  1. Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av krattspissmus Sorex araneus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022. 
  2. Artsdatabanken: Artsnavnebasen Artsnamnet blei forandra frå «vanleg spissmus» til «krattspissmus» september 2009
  3. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Krattspissmus
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Sorex araneus