Krementsjuk (ukrainsk Кременчу́к, russisk Кременчу́г, Krementsjug) er ein viktig industriby i Poltava oblast (provins) sentralt i Ukraina. Han tener som det administrative senteret i Krementsjutskyj rajon (distrikt), og sjølve byen er eit eige rajon i oblastet. Han ligg ved breidda av Dnepr.

Krementsjuk
ukrainsk Кременчук
by
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Poltava oblast
Rajon Krementsjutskyj rajon
Høgd 80 moh.
Koordinatar 49°04′00″N 33°25′00″E / 49.06667°N 33.41667°E / 49.06667; 33.41667
Areal 96 km²
Folketal 225,216  (2015)
Folketettleik 2 / km²
Grunnlagd 1571
Borgarmeister Vitaly Malecki
Postnummer 39600-39689[1]
Retningsnummer 5366[2]
Bilnummer BI[3]
Kart
Krementsjuk
49°03′47″N 33°24′14″E / 49.063055555556°N 33.403888888889°E / 49.063055555556; 33.403888888889
Wikimedia Commons: Kremenchuk
Nettstad: http://www.kremen.gov.ua/

Historie endre

 
Dnepr i Krementschuk.
 
City plan at the end of 18th century.

Krementsjuk vart visstnok grunnlagd i 1571. Namnet Krementsjuk består av dei to orda «kremen» - chert (eit mineral) fordi byen ligg på ei enorm chert-plate og «tsjuk» - frå det ukrainske «tsjuju» (eg høyrer) - eit rop som rormenn svarte då folk ropte «Kremen!» for å åtvare fartøy mot chert-stryka då dei sigla ned Dnepr. Ei alternativ forklaring er at Krementsjuk er tyrkisk for ei lita festning. Byen låg ved den sørlege enden av den farbare delen av Dnepr og vart derfor eit viktig handelssenter og utover 1600-talet ein rik kosakkby. I 1625, ved Kurukovesjøen i Krementsjuk, vart freden i Kurukove signert mellom kosakkar og polakkar.

Under andre verdskrigen (1939-1945) leid Krementsjuk kraftig under den tyske okkupasjonen. Meir enn 90 % av bygningane i byen vart jamna med jorda i løpet av krigen og den store jødiske folkesetnaden i byen vart utsletta. 29. september 1943 vart byen frigjort frå nazistane og denne dagen har sidan vorte feira som bydagen. Byen kom seg raskt etter krigen, men manglar i dag den arkitekturmessige sjarmen og det ukrainske preget (i staden for det russiske) som systerbyen Poltava har.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre