Fløyte er den feittrike delen av mjølka, framstilt ved separering av heilmjølk frå ku. Fløyte med høgt feittinnhald kan piskast til krem, og blir kalla kremfløyte.

Kremfløyte.
Kake med krem piska av kremfløyte.
Britisk cream tea med stivna fløyte til.

Kremfløyten vert pasteurisert før han kjem i handelen, men han vert ikkje homogonisert.

Fløyte vert bruka i mellom anna supper, sausar, gryterettar og dessertar. Fløyten kan brukast som han er til frisk frukt og bær. Ein kan òg piske kremfløyte til krem.

Næringsinnhald endre

I Noreg inneheld kremfløyten 38 % feitt. Andre land kan ha lettare piskefløyte, med feittinnhald på 32 %, eller «dobbel kremfløyte» som inneheld 48 % feitt.

100 g Tine kremfløyte gjev om lag:

Ordsoge endre

Ordet fløyte kjem frå norrønt flautir, 'noko som flyt oppå'. Ordet krem kjem frå gallisk via fransk, der ordet tyder fløyte.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre