Kreosot

kjemisk sambinding

Kreosot er ei nemning som særleg vert nytta om tjøre, tjære, laga av steinkol til trykkimpregnering av trevyrke av større dimensjonar, men som opphavleg var ei sams nemning for både tjøre laga av steinkol og tjøre laga av tre. Nemninga er av gresk opphav, samansett av orda for «kjøt» og «teke vare på», og har sin bakgrunn i at det lukta røykt kjøt av den tjøra som vart laga av tre.

Kreosot i meininga steinkoltjøre er brun-svart, koker ved temperaturar mellom 200 og 400 °C, har ein karakteristisk lukt og eit innhald av om lag 150 ulike organiske bindingar. Fortynna kan kreosot nyttast som beis på tre. Kreosot er giftig for råtesoppar og treborande insekt, og skadeleg for menneske ved monaleg å auke fara for å få kreft. Det er no forbod og åtvaringar mot å nytte kreosotimpregnert materiale i mange samanhengar. Til dømes skal ikkje kreosotimpregnert tre, anten det er gamalt eller nytt, nyttast i barnehagar eller på leikeplassar. Gamalt trevyrke i kaier og andre solide og vêrutsette trekonstruksjonar, jarnbanesviller av tre, stolpar av tre til telefon- og straumleidningar og liknande, er vanlegvis trykkimpregnert med kreosot, og bør handsamast som spesialavfall når det vert fjerna, i staden for å verte nytta i hagar, på leikeplassar og liknande.

Sjå òg endre

Kjelder endre