Valkrinsen Wil
(Omdirigert frå Kretsen Wil)
Valkrinsen Wil er ei eining på mellomnivå i kantonen St. Gallen i Sveits. Valkrinsen vart danna då den nye kantonsskipnaden av 10. juni 2001 trådde i kraft. I valkrinsen på 145 km² budde 71 554 menneske i 2010.
Wil Wahlkreis Wil | |||
valkrins | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | kantonen St. Gallen | ||
Areal | 145,29 km² | ||
Folketal | 71 554 (desember 2010) | ||
Kommunar | 11 | ||
Valkrinsen Wil 47°28′00″N 9°03′00″E / 47.466666666667°N 9.05°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Wil (Wahlkreis) | |||
Valkrinsen Wil omfattar elleve kommunar. Kommunane Wil og Uzwil er dei to mest folkerike, kvar med over 10 000 innbyggjarar. Dei andre kommunane er Bronschhofen, Degersheim, Flawil, Jonschwil, Niederbüren, Niederhelfenschwil, Oberbüren, Oberuzwil og Zuzwil.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Wil (Wahlkreis)» frå Wikipedia på tysk, den 3. februar 2012.