Kristian Ødegård

Bent Kristian Ødegård (fødd 12. april 1974) er ein norsk programleiar og regissør frå i Oslo. Han er kjend for å ha stått bak serien Nissene på låvenTVNorge og for si etterlikning av Roald Øyen i rolla som programleiar for påske- og julenøttene på TV 2. Han vart for fullt kjend då han vann Ødegård Skal vi danseTV2 i 2006.[1] I tillegg er han kjend for sitt samarbeid med Dag Otto Lauritzen i programma På hjul med Dag Otto, På tur med Dag Otto, Huskestue og Kompani Lauritzen.

Kristian Ødegård

Fødd12. april 1974 (50 år)
FødestadOslo
FødenamnBent Kristian Ødegård
Verka somprogramleiar
PrisarGullruten for beste programleder

Bakgrunn endre

Kristian Ødegård vaks opp i Oslo. I ein alder av åtte byrja han på danskeskule.[1] Han er utdanna ved Lambertseter videregående skole, Luftforsvarets befalsskole frå 1993 til 1994 og Westerdals reklameskole frå 1996 til 1998.

I samband med produksjonen av Nissene på låven i 2001, stifta Ødegård selskapet Seefood TV saman med Espen Eckbo og Aleksander Herresthal.[2]

I 2006 var Ødegård med som kjendisdeltaker i underholdningsprogrammet Skal vi danseTV 2. Ødegård vann konkurransen og året etter vart han programleiar for det samme programmet saman med Guri Solberg. Ødegård har òg vore programleiar for Gullfisken og ei rekkje andre arrangement.

Frå 2010 sykla Ødegård rundt i Europa saman med Dag Otto Lauritzen i programmet På hjul med Dag Otto, frå og med tredje sesong endra dei namnet til På tur med Dag Otto.

TV-produsent endre

Programleiar endre

Prisar endre

Nominasjonar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Hasselberg, Per Kristian Johansen (1. februar 2007), «Kristian Ødegård», NRK (på norsk bokmål), henta 6. november 2022 
  2. «About», Your Site Title (på engelsk), henta 6. november 2022 
  3. «Kristian Ødegaard slutter som programleder i «Huskestue» – Siri Kristiansen overtar», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 6. november 2022 
  4. «Dette er de nominerte til Gullruten 2018». nrk.no. 22. mars 2018. Henta 10. mai 2018. 
  5. «Dette er de nominerte til Gullruten 2019». nrk.no. 5. april 2019. Henta 7. mai 2019. 
  6. «Dette er finalistene til Gullrutens publikumspris». tv2.no. 3. mai 2022. Henta 3. mai 2022. 

Bakgrunnsstoff endre