Kristian Brenden (fødd 12. juni 1976) er ein tidlegare norsk skihoppar frå Vinstra. Han deltok i 77 verdscuprenn. På dei 77 tevlingane vart det til saman to sigrar, to andreplassar og fire tredjepassar. Han har vunne to NM-gull, ein sølv og ein bronse. Brenden tevla for Tormod Skilag.

Kristian Brenden
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. juni 1976 (47 år)
Lillehammer kommune
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1998

Karriere endre

Brenden var fullstendig ukjend for det norske idrettspublikum då han i 1996 vart noregsmeister i Bjørkelibakken i Stryn. Han vann rennet med stor margin til Arve Vorvik og endå meir til bronsevinnaren Roar Ljøkelsøy.

Dei største sesongane for Brenden var 1997 og 1998. På forsesongen 1996/97 imponerte han stort, mellom anna vann han det eine verdscuprennet på Lillehammer, og vart nummer to i det andre. I det første rennet i den tysk-austerrikske hoppveka vart han nummer to, berre 0,4 poeng bak vinnaren Dieter Thoma. Samanlagt vart han nummer 11 i hoppveka og beste nordmann. Seinare i sesongen måtte han ta til takke med plasseringar eit stykke nede på listene. Året etter, 1998, fekk han sin andre siger i verdscupen, og både gull og sølv frå noregsmeisterskapane.

Under verdsmeisterskapen 1997 i Trondheim var Brenden på det norske laget som vart nummer fem i laghoppinga. Også i dei to neste meisterskapane var han på hopplaget. Under vinter-OL 1998 i Nagano vart det 4. plass, og under VM 1999 i Ramsau vart hopplaget nummer 6. Brenden var beste nordmann i normalbakken i OL 1998 med ein 8. plass, i den store bakken vart han nummer 13. Under VM 1999 vart han nummer 14 og 17 i dei to individuelle hopprenna.

Ulykke med paraglidar endre

Sommaren 1999 vart Brenden alvorleg skadd då han krasjlanda med paraglidar. Han kom frå ulykka utan varige mein. Skihopparen Brenden nådde derimot ikkje tilbake til sitt best nivå, og la i 2002 opp som aktiv skihoppar.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1996: Nr 24 i Iron Mountain (debut)
  • 1996/97: Siger på Lillehammer, to andreplassar (Lillehammer og Oberstdorf) og ein tredjeplass (Harrachov)
  • 1998: Siger i Zakopane og tre tredjeplassar; Oberstdorf og Lahti (2). Nr 8 i normal bakke under vinter-OL
  • 1998/99: To fjerdeplassar: Lillehammer og Planica
  • 2001: Nr 20 i Harrachov (skiflyging)

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre