Kristian Kristensen

norsk politikar

Kristian Kristensen (13. januar 188918. februar 1934) var ein norsk fagforeiningsmann og politikar frå Oslo, aktiv i Arbeidarpartiet og Norges Kommunistiske Parti.

Kristian Kristensen
Fødd13. januar 1889
Død18. februar 1934 (45 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti
Yrkepolitikar, arbeidar
Alle verv

Frå han var 14 år gammal arbeidde Kristensen ved ei rekke verkstader i hovudstaden, lengste tida som platearbeidar. Han engasjerte seg i fagrørsla og var ei tid medlem i hovudstyret for Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund. Før den tid var han medlem av Norges Socialdemokratiske Ungdomsforbund og sat i sentralstyret i 1911–12. Han var 1919-25 medlem i Oslo bystyre, det tre fyrste åra også med sete i formannskapet. I 1920 deltok han på Kominterns 2. verdskongress i Moskva og i Kominterns eksekutivkomite sitt 4. og 5. plenum same stad.

Valbolken 1922-24 var Kristensen stortingsmann frå Oslo. Til hausten 1923 representerte han Det norske Arbeidarparti. Etter Arbeidarpartiet vart sprengt, representerte han Norges Kommunistiske Parti ut perioden. Frå skipinga av det nye partiet sat han i sentralstyret, 1924-26 politbyråmedlem. Både hausten 1924 og i 1927 var han stortingskandidat for NKP, utan å nå opp i stortingsvalet.

Kristensen melde seg i 1928 inn att i Arbeidarpartiet. Han var formann i Elektrisitetsverkets arbeiderforening til han døydde.

Kjelder endre