Kristin Krohn Devold

norsk politikar

Kristin Margrethe Krohn Devold (fødd 12. august 1961 i Ålesund) er ein norsk politikar og organisajonskvinne.

Kristin Krohn Devold

Kristin Krohn Devold i 2006
Fødd12. august 1961 (62 år)
Ålesund kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Utdanna vedNorges handelshøyskole
Universitetet i Bergen
MorKristin K. Devold
VervNorsk forsvarsminister 19. oktober 2001–17. oktober 2005
FøregangarBjørn Tore Godal
EtterfylgjarAnne-Grete Strøm-Erichsen
VervStortingsrepresentant 1993–2005
Alle verv

Ho er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole (1985), og starta politikarkarrieren sin som næringspolitisk rådgjevar for stortingsgruppa til Høgre i åra 1987–1992. Deretter var ho bystyremedlem for Høgre i Oslo frå 1992 til 1995, var kommunalråd frå 1992 til 1993 og heldt fram på Stortinget frå 1993 til 2005. Der sat ho i Næringskomitéen (1993–1997), var leiar i Justiskomitéen (1997–2001) og var til slutt medlem av Valkomitéen ei kort stund (2001). Ho var forsvarsminister i regjeringa Bondevik II frå 2001 til 2005. 18. januar 2006 vart ho generalsekretær i Den Norske Turistforening. I mai 2008 vart Krohn Devold vald til styremedlem i Terra-Gruppen for å bidra til å gjenopprette tilliten til dette finanskonsernet. Krohn Devold er også nestleiar i styret i Hexagon Composites ASA og styremedlem i allmennaksjeselskapa Aker, Aker Floating Production, Odim og Comrod Communication.

Kritikk endre

Devold fekk til dels mykje kritikk i media og frå politiske motstandarar då ho var forsvarsminister. Ho vart mellom anna ofte skulda for å vere for ukritisk til den amerikanske utanrikspolitikken og USA sin forsvarsminister Donald Rumsfeld. Det vekte mykje rabalder då ho hjå Fredrik Skavlan i programmet Først & sist 1. november 2002 sa at ho ikkje hadde kontroll som forsvarsminister.[1]

Devold fekk også sterk kritikk for utnemninga av Atle Torbjørn Karlsvik som kontraadmiral i Statsråd 2. september 2005, då det vart stilt spørsmål om ho var inhabil grunna venskapen sin med Karlsvik. Utnemninga kom få veker før Krohn Devold gjekk av som forsvarsminister, og organisasjonane i Forsvaret var svært kritiske til utnemninga, som også vart gjord utan tilslutnad frå dei militære sjefane.

Utmerkingar endre

I 2005 vart Devold utnemnd til kommandør av St. Olavs orden. Ho vart same året tildelt den polske fortenstordenen. I 2004 vart Devold tildelt ein latvisk medalje for å ha fremja latvisk medlemskap i NATO.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. «Kraftig reaksjon etter TV-opptreden» av NTB på VG.no (01.11.2002).

Bakgrunnsstoff endre