Kristin Lavransdatter

bok av Sigrid Undset

Kristin Lavransdatter er ein romantrilogi av Sigrid Undset. Dei einskilde bøkene i trilogien er Kransen (1920), Husfrue (1921) og Korset (1922). Bøkene er historiske romanar frå norsk mellomaldermiljø. Trilogien om Kristin Lavransdatter er ein av dei viktigaste grunnane til at Sigrid Undset fekk nobelprisen i litteratur i 1928.

Den fyrste boka, Kransen, vart filmatisert i 1995. Liv Ullmann hadde regien, og Maria Bonnevie spela hovudrolla som Kristin.

Bakgrunnsstoff endre