Kristofer Kristofersen

norsk journalist

Kristofer Lorentz Hornemann Kristofersen (11. mars 185111. september 1892) var ein norsk forfattar og journalist, fødd i Trondheim. Han er nemnt i dei legendariske «Bohêmbuda». Minst éi av bøkene hans er omsett til finsk.

Kristofer Kristofersen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. mars 1851
Død

11. september 1892 (41 år)

Yrke journalist, skribent

Noko av forfattarskapen er inspirert av skuletida i Molde, kor faren var lærar – som Paa Forpost, kor fleire røynlege personar opptrer under dekknamn. I periodar var Kristofersen redaktør av Romsdalsposten, Romsdals Budstikke og Sunnmørsposten. Han budde ei tid på Rotvoll vestanfor Molde sentrum.

Familie endre

Han var son av Anna Adler og kaptein Hans Emil Christophersen, «en avgått militæroffiser som forsøkte å føye et par kroner til inntekten sin» som klasselærar ved Molde latingymnasium og middelskole i åra 185873. Kristofer gjekk i same klasse som Olaus Fjørtoft og tok examen artium der i 1869.

Han gifta seg 26. august 1885 med Anna Katarina Rønneberg. Paret var vener med Bjørnstjerne Bjørnson. Kristofersen døydde i Kristiania i 1892.

Bøker endre

(utgjeve på Gyldendalske Boghandels Forlag i København der anna ikkje er nemnt)

  • Paa Strand og Gade – forteljingar og skisser (Huseby, Kristiania 1885)
  • Vaardise – roman (1886)
  • Løvsprætt – roman (1887)
  • Rydningsmænd – roman (1887)
  • Verdens Herre – roman (1888)
  • Pram. Billeder fra forrige Aarhundrede – roman (1889)
  • Kjelbotten Sanatorium – roman (1890)
  • Ravnekrok-billeder – samling (Alb. Cammermeyers forlag, Kristiania 1891)
  • Paa Forpost. Billeder fra 70-Aarene – roman (1892)

Kjelder endre

  • BIBSYS Arkivert 2016-12-15 ved Wayback Machine. (NTNU): Kristofer Kristofersen
  • Dokumentasjonsprosjektet, tekstsamlinga. Brev frå Bjørnstjerne Bjørnson til Bergliot Ibsen 8.5.1890
  • Kjell Ove Nybø Hattrem: «Professor Jacob Tanner forteller fra si ungdomstid i Molde (i samtale med Per Amdam og Nils Parelius)» i Årsskrift (Romsdal Sogelag, Molde 1997)
  • Nils Parelius: «Brev fra Molde i 1820–1830 årene fra Johan Wichberg og Knut Andreas Bjørset» i Årsskrift (Romsdal Sogelag, Molde 1980)