Kristofer Leirdal

norsk bilethoggar

Kristofer Leirdal (15. desember 19156. juli 2010) var ein norsk biletkunstnar frå Leirdalen i Aure kommune. Leirdal voks opp i snikkarverkstaden til far sin og tok tidleg til å arbeida i tre. Han fekk eit stipend for å studera på møbellinja ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo, der han tok til i 1936. I 1938 kom han inn på Statens kunstakademi.[1] I 1941 vart han tilsett som steinhoggar ved Nidarosdomen i Trondheim. Rett etter krigen studerte han ved Det Kongelige Kunstakademi i København, men kom i 1946 attende for å halda fram med arbeidet på Nidarosdomen.

Kristofer Leirdal

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. desember 1915
Aure kommune
Død

6. juli 2010 (94 år)
Trondheim

Yrke bilethoggar
Ektefelle Aina Thiis Leirdal
Born Yngve Zakarias, Erlend Leirdal
Kristofer Leirdal på Commons

Leirdal underviste på Kunstskolen fram til 1952, då han gjekk over til Institutt for form og farge ved NTH, der han fram til 1982 underviste arkitektstudentar i modellering.

Prisar endre

Referansar endre

  1. Ruvende og stillfarende, NRK.no, 8/7-2010.