Eit kro er ei tynnvegga utviding av fordøyingskanalen som ulike dyr bruker til mellombels lagring av mat. Kro finst hos mange dyregrupper, inkludert sniglar, meitemark,[1] iglar,[2] insekt[3] og fuglar.

Kroet på ei due, nummer 4 til høgre for halsen.
Flamingo matar med kromjølk.

Fuglar endre

Hos fuglar er kroet ein utvida, muskuløs pose i nærleiken av matrøyret eller svelget. Det er ein del av fordøyingskanalen, eigentleg ein forstørra del av matrøyret. Som med dei fleste andre organismar som har kro, blir kroet brukt til mellombels oppbevaring av mat og til oppbløyting av mat. Ikkje alle fuglar har kro. Til dømes har dei fleste rovfuglane kro, men ikkje ugler.

Fuglar som et åtsel, slik som gribbar, vil fråsse når det er rikeleg med tilgang på byttedyr, noko som får kroet til å bule ut. Seinare sit dei halvt i søvne og fordøyer maten.

Kromjølk endre

Vaksne duer kan produsere ei mjølkeliknande væske, kromjølk, i kroet for å mate nyklekte ungar.[4] Også flamingoar kan produsere kromjølk.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. «Worm World: About Earthworms». Arkivert frå originalen 4. desember 2008. Henta 16. desember 2008. 
  2. Sawyer, Roy T. «Leach Biology and Behaviour, Volume II» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 1. juni 2005. Henta 16. desember 2008. 
  3. «Insect Identification: Digestive System». Arkivert frå originalen 8. juli 2011. Henta 18. januar 2011. 
  4. Gordon John Larkman Ramel (29. september 2008). «The Alimentary Canal in Birds». Henta 16. desember 2008.