Ein kroksjø er ein U-forma innsjø når ein sving i ei elv vert fråskild hovudleia til elva. Innsjøtypen har fått namnet fordi forma liknar ein krok sett frå lufta. I Australia vert ein kroksjø kalla ein billabong.

Ein kroksjø i Hokkaido i Japan.

Når ei elv renn over ei slette, ofte den nedre delen av elva før ho munnar ut i havet eller ein innsjø, dannar ho ofte eit svingete elvefar, eit meander. Det samlar seg opp avleiringa i innersvingen av elva, medan elva grev seg djupare inn i yttersvingen. Dette kan føre til at elva bryt gjennom yttersvingen og dannar eit nytt elvefar, medan den gamle svingen vert verande att som ein kroksjø.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kroksjø