Kronometer (av gresk: chrónos = tid, og métron = mål) er nemninga på eit særs presist mekanisk ur. Kvart einskild kronometer er identifisert ved eit nummer inngravert på urverket og eit godkjenningssertifikat etter å ha vorte prøvd i fleire døger i ulike stillingar og under ulike temperaturar av ein nøytral offentleg instans.

Sveitsisk marinekronometer konstruert av Abraham Louis Breguet.

Nemninga «kronometer» er no definert av norma ISO (International Organization for Standardization) 3159 og verna av nasjonal lovgjeving, som òg fastsett godkjenningsordningar. Den sveitsiske Le Contrôle officiel suisse des chronomètres (COSC) er den viktigaste av desse godkjenningsordningane, og i røynda den einaste organisasjonen som er i stand til å godkjenna den store mengda industrielt produserte presisjonsurverk.

Hard edelstein som diamantar, rubinar og safirar vert ofte brukt i hjullager i kronometra for å minske friksjonen og redusere slitasjen på urverket, og legeringar med edelmetall som gull, platina og palladium kunne verte nytta for å hindre korrosjon og redusere påverknaden av temperaturendringar og liknande.

Kronometer vart tidlegare særleg nytta på skip og fly for å finne den geografiske posisjonen under navigeringa. Før eit kronometer vart teke i bruk til navigeringsføremål, måtte det synkroniserast med ur på ein stad med kjend lengdegrad; deretter kunne det nyttast til å fastsetja dei austlege eller vestlege lengdegradane for skipet eller flyet under ferda. Saman med ein sekstant, eit vinkelmålingsinstrument for å finne vinkelen mellom sola (stjernene) og horisonten (solhøgda), og med det dei nordlege eller sørlege breiddegradane, kunne de geografiske posisjonane for skipet eller flyet fastsetjast under heile ferda.

For vitskaplege og mange andre føremål er kronometeret no avløyst av andre og meir noggranne tidsmætarar, som til dømes atomur.

Bakgrunnsstoff endre