Krumkake er eit tradisjonelt norsk bakverk av tynne, sprø kakeflak med bøygd form som ei skål eller kjegle. Kakene kan serverast som kaffimat og som julebakst.

Krumkaker
Krumkake

Krumkakerøre kan lagast med like delar sukker, smør, kveitemjøl og potet- eller maismjøl i tillegg til egg og fløyte. Sukker og egg blir piska med smelta smør, ein tilset mjøl og derette fløyte. Ein kan også endra smaken med ulike tilsetjingar, som sitron, vanilje, krydder eller konjakk.

Alternativt kan ein lage ei røre utan egg ved å blande like mengder smør og sukker med dobbel mengd byggmjøl firdobbel mengd skumma kulturmjølk.

Ein steiker krumkaker i eit eige jern som gjev kakene mønster. Krumkakejernet kan minna om eit vaffeljern, men til forskjell frå vaflene blir krumkakene berre litt over ein millimeter tjukke og har mindre diameter. Etter steikinga, når kakene framleis er varme og mjuke, kan dei formast ved at ein ruller dei til kremmarhus rundt ein kjegleforma pinne, eller former dei til ei skål. Desse kan etast tørre, men blir gjerne fylt med til dømes krem, bær eller syltetøy. Dei kan også fyllast med iskrem, og minner mykje om kjeksen som blir brukt til å selja slik is i.

Krumkaker blir etne i Noreg og i norske utvandrarmiljø, som blant norskamerikanarar i den amerikanske Midtvesten. Ein finn også liknande krumkaker i tysk kultur.

Kjelder endre