Krydder (fleirtal av krydde (f.) el. krydder (n.)) eller krydd er smaksstoff som ein tilset mat og drikke for å gje ønskt smak og aroma, og for å bevara maten. Krydder kan òg brukast som medisin, i religiøse ritual, og i kosmetikk og parfyme.

Krydder på ein marknad i Marokko.

Krydder inneheld ofte eteriske oljer som fordampar ved relativt låg temperatur. Difor er det viktig å oppbevare dei i tett emballasje på ein kjølig stad.

Krydder i maten endre

 
Lammekjøt med strimla ingefær og rosmarin oppå.

Anten det er mykje eller lite ein treng, er krydderet som står i oppskrifta heilt nødvendig for at ein rett skal smaka som venta. Smaken av mange krydder kan somme tider oppfattast som smerte av kroppen, noko som gjer at han slepp ut endorfinar som igjen gjer ei god kjensle. Capsaicin, som finst i chili, stimulerer òg spyttutskiljing i munnen, som gjer fordøyinga enklare, og rørsle i ryggsøylen, slik at all maten går betre gjennom tarmane.

I tillegg til å heve det estetiske ved maten og hjelpe fordøyinga, kan krydder hindre vekst av sopp og bakteriar, og har dermed ein nyttefunksjon, særleg når det gjeld kjøtrettar i varme land. Nokre krydder, som lauk, kvitlauk, oregano og allehande, drep alle bakteriar som prøver å laga koloniar på maten dei er i. Andre krydder drep berre ein del, men dersom ein blander fleire vil maten halda seg uskjemt lengre.

Produksjon og handel endre

 
Ein sørindar mel krydder på ei steinkvern.

Krydder kan lagast av ulike delar av dyrka og viltveksande planter slik som rot, stengel, blad, blome eller frø. Etter at krydderdelen av planten er sanka inn, vert han som regel tørka og deretter ofte malen til pulver. Det ferdige krydderet kan så lagrast åleine, eller saman med andre typar i ei krydderblanding.

 
Arabisk handelskaravane. Fram til oppdagingstida tente arabarane mykje av rikdommen sin på krydderhandel.

Det veks mest krydder i tropiske område, noko som òg er ei forklaring på kvifor krydder blir nytta mest her. Der ein ikkje sjølv kan dyrka det, har etterspurnaden etter krydder alltid vore stor. Ikkje berre safran, men vanlege krydder som pepar og kanel hadde høge prisar. Ein av dei viktigaste grunnane til at Vasco da Gama utførte reisa si frå Portugal til India, var ønsket om å få betre tilgang på krydder. Også Christoffer Columbus var raskt ute med å fortelja at landet han tilfeldigvis hadde oppdaga – Amerika – kunne tilby ei rekkje nye krydder.

Kolonisering og seinare globalisering har ført til at ein har tilgang på rimeleg krydder over heile verda, og har hjelpt til med å spreia eksotiske matrettar til nye land.

Nokre kryddertypar etter kategori endre

Fruktkrydder

Rotkrydder

Bladkrydder

Barkkrydder

Blomekrydder

Stengelkrydder

Samansette krydder

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Krydder